Konsesjonskraftmidlar til regional utvikling

Fylkeskommunen har sidan 2003 hatt tilskotsordninga "Bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak". Føremålet med tilskotsordninga er å stette gode lokale utviklingsinitiativ. Støtta skal gå til større utviklingsprosjekt der ein kan skape noko særmerkt som styrkar regionen. Prosjekta bør ha ambisjonar om å verte synlege landemerke i regionen og forvente å ha store lokale og regionale ringverknader.

Hordaland fylkeskommune ønskjer saman med kommunane, næringslivet og andre utviklingsaktørar, å bidra til positiv regional utvikling. Målet er å utvikle gode, attraktive og konkurransedyktige lokalsamfunn og regionar. Fylkeskommunen inviterar difor med dette kommunane til å søkje om konsesjonskraftmidlar til regional utvikling.

Midlane for 2010 og 2011 vart fordelt i 2010. Vi tek sikte på at neste tildelingsrunde vert i 2012.

Kriterium og føresetnader
Midlane er primært tiltenkt investeringsformål og føreset at prosjekta er relativt godt utvikla og konkretiserte. Det er ein føresetnad at prosjekta medverkar til å skape gode, attraktive og konkurransedyktige samfunn. I søknadshandsaminga vil vi legge vekt på om prosjekta byggjer opp under strategiane som er utforma i Fylkesplan for Hordaland 2005-2008 og i Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2010.

  • Midlane skal primært gå til investeringsføremål.
  • Prosjekta må ha lokal medfinansiering. Om dette ikkje er på plass ved innsending av søknaden, ber vi om at finansieringsplan blir ettersendt så snart som råd.
  • Avslutning av prosjekta må vere seinast i løpet 2013. Det må godtgjerast at prosjekta er så modne at dette er realistisk.
  • Søknader må ikkje vere i strid med EØS-regelverket om statsstøtte. Mellom anna kan det ikkje bli gitt støtte til einskildbedrifter.
  • Det vert stilt store krav til realismen i prosjekta og til framdriftsplanane.
  • Organisasjonar og institusjonar kan fremje søknader, men for å sikre god lokal forankring må ordførar i aktuell kommune stå som underskriver av søknaden.

Cruiseskipshamna i Eidfjord er døme på eit prosjekt som er finansiert med regionale utviklingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune. (Foto: Stanley Hauge, HFK info.)

Cruiseskipshamna i Eidfjord er døme på eit prosjekt som er finansiert med regionale utviklingsmidlar frå Hordaland fylkeskommune. (Foto: Stanley Hauge).

Fylkeskommunen har tidlegare gitt midlar til følgjande prosjekt over denne ordninga:

2003
Cruisekai Eidfjord   11,0  mill kr.

2004
Ekspressheis Bavallen, Voss   3,0 mill. kr
Dale Fabrikkutsalssentrum, Vaksdal   1,5 mill. kr
Folgefonna informasjons- og nasjonalparksenter, Kvinnherad (steinparken) 2,0 mill. kr

2006
Marstein fyr, Austevoll   3,5 mill. kr
Stordalen skitrekk, Masfjorden   3,5 mill. kr
Sentrumsutvikling Osøyro, Baronselva, Os   1,5 mill. kr
Innfallsport Jondal   1,5 mill. kr 

2007
Nye verkstader ved Vestnorsk kulturakademi     2,0 mill. kr
Odda Vitensenter        2,0 mill. kr
Perler i Nordsjøløypa        2,0 mill. kr
Besøksmål i Folgefonna Nasjonalpark      2,0 mill. kr
Fedje fleirbrukshall        2,0 mill. kr
Folgefonnsenteret 2,5 mill. kr

2008-09
Os kunst- og kultursenter    4,5 mill kr
Kompetansesenter for avansert maskinering    2,0 mill kr
Historisk grunn Onarheim    2,0 mill kr
Trallebana Skjeggedal    2,0 mill kr
Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap     0,5 mill kr

2010-11
Os kunst- og kultursenter   3,0 mill kr
Fleirbrukshall i Vaksdal kommune   2,0 mill kr
Litteraturhuset "Bokbadet"    1,5 mill kr
Smelteverkssmia i Odda, "Oddasmio"   0,5 mill kr
Arrangørbygda Voss   5,0 mill kr
Steinriket Bømlo   1,0 mill kr

 

Kontaktperson: Tord Bakke, tlf. 55 23 93 28, e-post: tord.bakke@post.hfk.no

24.03.2009 07:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart