Samhandlingsreforma er no gjeldande

Frå 1. januar 2012 trådde Samhandlingsreforma i kraft. Den skal gjennomførast gradvis over dei neste åra. Reforma inneber at kommunane får vesentleg større innflytelse over dei samla helsetenestene, og dei får virkemiddel til å utvikle dei kommunale tenestene.

Saman med Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011-2015) innfører samhandlingsreforma to nye lover; Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven) og Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgstjenesteloven).  Folkehelselova gir kommunane eit større og meir heilskapleg ansvar for innbyggjarane si helse og det er no den øvste leiinga i kommunane som er ansvarlege for folkehelsa. Det vil sei at kommunen i heilskap skal arbeide for å fremje helse og bidra til å utjamne sosiale helseskilnader. Kommunen skal arbeide for å førebyggje sjukdom og beskytte befolkninga mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa.

Fylkeskommunen skal understøtte kommunane i dette arbeidet gjennom å vere pådrivar for og samordne folkehelsearbeidet i fylket, samt å gjere opplysningar tilgjengeleg for kommunane. Hordaland Fylkeskommune har inngått partnarskap saman med fleire kommunar og andre aktørar for å betre samhandlinga rundt folkehelsearbeid. Meir informasjon om partnerskapen og om aktuell Hordalandsstatistikk kan du finne i menyen til venstre.

 

Vil du lese meir om Samhandlingsreforma finn du lenker til aktuelle dokument på Helse- og Omsorgsdepartementet sine sider: 

http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/kampanjer/samhandling/dokumenter.html?id=650118 

Sjå også

Rundskriv IKRAFTSETTING AV LOV OM FOLKEHELSEARBEID (FOLKEHELSELOVEN)

 

Informasjon om gjennomføringa av Samhandlingsreforma. Brev sendt 21. desember 2011

 

Vedlegg til Helse- og omsorgsdepartementets brev av 21. desember 2012 med informasjon om gjennomføringen av Samhandlingsreforma

Aina Haugstad 13.01.2012 12:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart