Fylkestinget har vedteke oppstart av ny regional planstrategi for inneverande valperiode. Det vert oppretta ei politisk styringsgruppe leia frå fylkeskommunen.
Fylkestinget oppnemner fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) som leiar for styringsgruppa og Ruth Grung (A) som medlem. Det blir lagt opp til ein brei prosess. Fylkesmannen i Hordaland m.fl. vert invitert til å delta i arbeidet.
Planstrategien skal utarbeidast for kvar valperiode og vedtakast av fylkestinget innan eit år etter konstituering. Strategien skal ta utgangspunkt i utviklingstrekk og peike ut utfordringar og moglegheiter. Innføring av regional planstrategi skal m.a. føre til sterkare politisk forankring av planarbeidet og vere eit verktøy for å prioritere planoppgåvene.
Nytt planverktøy
Regional planstrategi blei innført som eit nytt planverktøy i plan- og bygningsloven av 2008, og er no det einaste obligatoriske elementet for planlegging på regionalt nivå. Det er fylkeskommunen som er regionalt planmynde og som har ansvaret for og leiinga av arbeidet med regional planstrategi. Planstrategien skal utarbeidast for kvar valperiode, og skal vedtakast av fylkestinget innan eit år etter konstituering. Planstrategien skal deretter godkjennast av regjeringa.
I forrige valperiode var det utarbeidd ein regional planstrategi for 2010-12 som viste eit stort planbehov.
Framdriftsplan for arbeidet med ny regional planstrategi:
- Desember 2011: Oppstartssak i Fylkestinget - Melde oppstart og invitere til innspel
- Jan./feb. 2012: Invitere regionale statsetatar og andre aktuelle instansar til møte om utviklingstrekk og utfordringar
- Jan. - mars 2012 Plangruppa utarbeider utfordringsnotat på bakgrunn av analyser og innspel
- Mars 2012: Strategikonferanse med kommunane. Presentasjon av
utfordringsnotat og koordinering med kommunale planstrategiar
- Mars 2012 Drøfte utfordringsnotatet i sektorutvala, samt med statlege etatar og andre aktuelle aktørar
- April/mai 2012: Regionvise strategisamtalar med regionråda
- Haust 2012: Høyringsmøte og planstrategi til offentleg ettersyn
- Desember 2012: Vedtak fylkestinget
Pressemelding 14. desember 2011
Sak i fylkestinget 13. desember 2011