Profilbilde

Regional utvikling - aktuelt

Regional utvikling - aktuelt

  • Nordhordland må tenkje nytt

    Nordhordland må tenkje nytt Oljeraffineriet på Mongstad har vore ein eineståande motor i utviklinga av regionen, men det har også gjort oss sårbare. Når oppdraga frå Statoil tørkar opp hjelper ikkje lovnader om månelanding. For mange av verksemdene i Mongstad-området er omstilling løysinga.

    23.05.2012
    Næringsbarometeret Hordaland mai 2012
    Les heile saka
  • Viktig for rekruttering og idéutvikling

    Viktig for rekruttering og idéutvikling Teknologibedrifta Stormfjord tenkjer langsiktig om rekruttering og kompetanseutvikling. Difor har selskapet eit tett samarbeid med Høgskolen i Bergen.

    20.04.2012
    Øystein Rygg Haanæs/ Randi E. Lotsberg
    Les heile saka
  • Granvin som framtidsbygd

    Som ein av sju pilotkommunar i landet er Granvin herad valt ut som deltakar i prosjektet Framtidas bygder, der målet er å utforske og vise korleis framtidas klimasmarte bygder kan sjå ut.

    28.03.2012
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • Med leppefisk i tankane

    Med leppefisk i tankane Krava til vasskvalitet og dyrevelferd er strenge for dei som transporterar fisk i lukka kar. Jarle Tveiten har gitt seg forskinga i vold for å sikre at fisken kjem vel fram.

    22.03.2012
    Randi E. Lotsberg/ Jone Engelsvold
    Les heile saka
  • Miljøpris til «Bærekraftig liv på Landås»

    Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2011 er tildelt ««Bærekraftige liv på Landås». Prisen vart utdelt på fylkestinget i Bergen 13. mars.

    14.03.2012
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Invitasjon til samling om strategiar for Hordaland

    I samband med at Hordaland fylkeskommune er i gang med å utarbeide Regional planstrategi for 2012 - 2016 vert det invitert til strategisamling 20. mars.

    23.02.2012
    Les heile saka
  • Store saker i fylkesutvalet 23. februar

    Fleire store saker står på sakskartet når fylkesutvalet møter torsdag 23. februar kl. 11.00: Bompengesøknad for vidareføring av Bergensprogrammet, kjøp av nye bybanevogner, plan- og byggjeprogram for fylkesvegar 2012, regionalt utviklingsprogram 2012 (RUP) og evaluering av drosjeverksemda i Bergen.

    22.02.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Fylkesutvalet positiv til Rallarvegråd

    Fylkesutvalet positiv til Rallarvegråd Fylkesutvalet slutta seg 26. januar til forslaget om å etablere eit Rallarvegråd for å samordne ulike interesser omkring Rallarvegen.

    02.02.2012
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • Invitasjon til strategimøte om utvikling av Hordaland 20. mars 2012

    Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen har invitert kommunane til eit strategimøte om utvikling av Hordaland. Møtet er eit ledd i arbeidet med regional planstrategi.

    17.01.2012
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • Samhandlingsreforma er no gjeldande

    Frå 1. januar 2012 trådde Samhandlingsreforma i kraft. Den skal gjennomførast gradvis over dei neste åra. Reforma inneber at kommunane får vesentleg større innflytelse over dei samla helsetenestene, og dei får virkemiddel til å utvikle dei kommunale tenestene.

    13.01.2012
    Aina Haugstad
    Les heile saka
  • Hordaland veks med ein liten kommune kvart år

    Hordaland veks med ein liten kommune kvart år – Det går bra i Hordaland. Vi veks med 7000 nye hordalendingar årleg. Det er ein liten kommune kvart år, sa fylkesordførar Tom-Christer Nilsen på nyttårsmøtet 3. januar i Bergen.

    04.01.2012
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • 23,7 millionar til vestnorsk forsking

    23,7 millionar til vestnorsk forsking Forskingsfondet på Vestlandet har i dag delt ut 23,7 millionar i forskingsmidlar. Vêrselskapet StormGeo, Norsk Fruktrådgiving Hardanger og Høgskolen i Bergen er mellom aktørane som har fått støtte.

    03.01.2012
    Øystein Rygg Haanæss
    Les heile saka
  • Oppstart av ny regional planstrategi for Hordaland

    Fylkestinget har vedteke oppstart av ny regional planstrategi for inneverande valperiode. Det vert oppretta ei politisk styringsgruppe leia frå fylkeskommunen.

    16.12.2011
    Les heile saka
  • Nytt etterutdanningsfag i økonomisk geografi

    Universitetet i Bergen tilbyr "Økonomisk globalisering - produksjonssystemer og sted" som eit vidareutdanningstilbod ved Institutt for Geografi.

    01.12.2011
    Signe Vinje
    Les heile saka
  • Stor interesse for plankonferanse i Hordaland

    Stor interesse for plankonferanse i Hordaland Interessa er stor for plankonferansen i Hordaland 7. og 8. november. Rundt 200 deltakarar har meldt seg på. I tillegg kjem 33 føredragshaldarar. Fylkesvararordførar Mona Hellesnes ønskjer velkomen.

    03.11.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Fylkestinget samstemt om plan for Hardangervidda

    Fylkestinget vedtok på sitt siste møte i valbolken regional plan for Hardangervidda. Saksordførar Magnar Lussand fekk mykje skryt for godt politisk handtverk i ein planprosess med stort konfliktpotensiale.

    20.10.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Viste fram gode døme frå Hordaland under ”Open Days” i Brussel

    Viste fram gode døme frå Hordaland under ”Open Days” i Brussel Måndag 10. til torsdag 13. oktober arrangerte EU (Regionkomiteen, saman med Europakommisjonen) for niande gong regionsmønstringa ”OPEN DAYS – European Week of Cities and Regions” i Brussel. Dette arrangementet samlar deltakarar frå heile Europa for å lære meir om kva som skal til for å oppnå vekst og framgang i regionane. To av innleggshaldarane på konferansen kom frå Hordaland fylkeskommune.

    18.10.2011
    Charlotte Lillefjære-Tertnæs
    Les heile saka
  • 20 millionar kroner til regional utvikling

    Hordaland fylkeskommune har 20 millionar kroner for tildeling til delfinansiering av utviklingsprosjekt i Hordaland under regionalt utviklingprogram for 2011.

    20.09.2011
    Jon Erik Vollan
    Les heile saka
  • Vi som elskar fylkeskommunen

    Er ikkje regionalt sjølvstyre viktig? spør regionaldirektør Jan Per Styve i denne kronikken som stod på trykk i Kommunal rapport nr. 26, 8. september 2011.

    16.09.2011
    Regionaldirektør Jan Per Styve
    Les heile saka
  • Størst kvinneunderskot i Austrheim

    Austrheim har størst kvinneunderskot av kommunane i Hordaland i aldersgruppa 20-39 år. I Austrheim er det berre 78 kvinner per 100 mann i denne aldersgruppa.

    29.07.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Høgare gjennomsnittsalder i Hordaland

    Hordalendingane vart 14 dagar eldre i 2009 og i 2010 vart dei 19 dagar eldre. Gjennomsnittsalderen har auka med meir enn ein månad på to år, men den stig meir i resten av landet, går det fram av Hordaland i tal nr. 1-2011.

    29.07.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • 3000 får betre mobildekking i Hordaland

    Hordaland fylkeskommune har løyvd 17 mill. kr til 12 distriktskommunar for å betra mobildekkinga. Nokre område får mobildekking for fyrste gong, andre får vesentlig betring av mobilsambandet.

    21.07.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Rallarvegen får tilskot frå Hordaland fylkeskommune

    Rallarvegen får tilskot frå Hordaland fylkeskommune Fylkesutvalet har løyvd midlar til eit Rallarvegråd, oppsyn, toalettløysing og informasjonstiltak. Jernbaneverket vert oppmoda til å utbetre vegen slik at den vert trygg for syklistar og gåande.

    18.07.2011
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • NIBR foreslår regionale senter for planutdanning

    Norsk institutt for by- og regionforsking har i ein tilstandsrapport om planforskning og planleggjarutdanning i Norge skildra ei dyster utvikling. NIBR foreslår eit nasjonalt FOU-senter og tre regionale senter. I Hordaland er ein allereie i gang med å etablere utdanningsmodular.

    18.07.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • God erfaring med differensierte strandsonereglar

    Miljøverndepartementet har no handsama fleire strandsonesaker etter at dei nye retningslinene vart innført i mars. Tre Hordalandskommunar har fått prøvd sine planar.

    28.06.2011
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • Stønad til 30 forprosjekt innan forsking på vestnorske tema

    30 forprosjekt innan forsking på vestnorske tema får inntil 200.000 kvar i stønad frå Regionalt forskingsfond Vestlandet. 15 kjem frå Rogaland, åtte frå Hordaland, fem frå Sogn og Fjordane og to frå Møre og Romsdal.

    23.06.2011
    Jone Engelsvold
    Les heile saka
  • Ny nettstad om planlegging erstattar Kommunedøra

    Ny nettstad om planlegging erstattar Kommunedøra Kommunedøra vert no avløyst av den nye nettsida Planlegging som har fått eigen fane på forsida. Innhaldet er mykje som før, men det vert lettare tilgjengeleg.

    22.06.2011
    Les heile saka
  • Samferdsleministeren og fiskeriministeren til Vestlandsrådet

    Samferdsleministeren og fiskeriministeren til Vestlandsrådet Både fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa deltek på møtet i Vestlandsrådet tysdag 14. juni i Bergen.

    14.06.2011
    Les heile saka
  • Lærerik hospitanttid i Brussel

    Hordaland fylkeskommune er ein av eigarne av Vest-Norges Brusselkontor. Kontoret utlyser kvart semester mogelegheit for hospitering og eigarane er prioritert. Søknadsfrist er 15. juni.

    10.06.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Tilrår Troll-kraft frå Kollsnes

    Hordaland fylkesutval går inn for at Kollsnes skal vera tilkoplingspunkt for kraftforsyninga til Troll A-plattforma, slik Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) går inn for.

    20.05.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Tilrår småkraftverk i Teigdalen, Voss

    Fylkesutvalet i Hordaland rår samrøystes til at det vert gjeve løyve til utbygging av Tverrgjuvlo kraftverk i Teigdalen (Voss).

    20.05.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Tilrår Aldal og Frøland kraftverk

    Fylkesutvalet i Hordaland rår til at det vert gjeve løyve til utbygging i Samnangervassdraget og Aldalselva, Aldal kraftverk og Frøland småkraftverk, etter alternativ 1.

    20.05.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Sårbart kystlandskap krev kabling

    Kabling er løysinga for den nye kraftlina mellom Mongstad og Kollsnes i det sårbare kystlandskapet i Nordhordland og Øygarden, seier eit samrøystes Hordaland fylkesutval i fråsegna si om saka.

    20.05.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Startar planlegginga for stor folkevekst

    Startar planlegginga for stor folkevekst Dei siste 30 åra har folketalet i Bergensområdet auka med 80.000. Dei neste 30 åra doblar dette seg. Fylkesordføraren har sett i gang planlegginga av korleis dette skal løysast med utbygging, arealbruk og transport.

    13.05.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Kan hovudveg gjennom sentrum gjere ein tettstad attraktiv?

    Kan hovudveg gjennom sentrum gjere ein tettstad attraktiv? Korleis kan ein tettstad bli attaktiv når hovudvegen går rett gjennom sentrum? Det blir hovudtemaet på den regionale tettstadkonferansen i Rosendal 5. og 6. mai. 140 politikarar, næringsdrivande, utbyggarar, kommunetilsette, fagfolk, konsulentar, eldsjeler i lokalsamfunna og medlemmer i frivillege organisasjonar blir med.

    05.05.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Planlegg for vekst på 100 000 i Bergensområdet

    Planlegg for vekst på 100 000 i Bergensområdet Innan 2030 er det venta at folketalet i Bergen og kommunane i kring aukar med rundt 100 000 nye innbyggjarar. Hordaland fylkeskommune dreg no i gang eit regionalt planarbeid for å handtera den veksten som er venta i Bergensområdet.

    05.05.2011
    Signe Vinje og Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Nye råd om landskap i kommunal plan

    Nye råd om landskap i kommunal plan Erfaringane frå prosjektet Landskap i plan ligg no føre i rapporten "Råd om landskap i kommunal planlegging i Hordaland". Prosjektet har vore eit nasjonalt pilotprosjekt for gjennomføring av den europeiske landskapskonvensjonen.

    27.04.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Planstart for Bergensområdet 11. mai

    Planstart for Bergensområdet 11. mai Hordaland fylkeskommune drar no i gang eit regionalt planarbeid for å samordna areal og transport i Bergensområdet. Fylkesordføraren inviterer til oppstartseminar 11. mai i Bergen.

    20.04.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Nye retningsliner for forvalting av strandsona

    Nye retningsliner for forvalting av strandsona Regjeringa la i statsråd 25. mars fram nye statlege retningsliner for differensiert forvalting av strandsona. For fleire Hordalandskommunar kan det bli enklare å tillate bygging i strandsona, men det vert ikkje frislepp. Sunnhordland har fått tre års prøvetid.

    04.04.2011
    Liv Sundheim
    Les heile saka
  • Laksekutt i Hardangerfjorden må drøftast

    Konsekvensane for bedriftene, lokalsamfunna og verdiskapinga i Hordaland ved ein reduksjon av biomasse ved oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden er ikkje godt nok belyst i forslag til forskrift, meiner Hordaland fylkesutval.

    24.03.2011
    Stanley Hauge
    Les heile saka
  • Nasjonal konferanse om regional forsking

    Nasjonal konferanse om regional forsking 22-23. mars vert den første nasjonale konferansen om regionale forskingsfond arrangert i Bergen. Jone Engelsvold (biletet) og Hordaland fylkeskommune er vertskap.

    22.03.2011
    Øystein Rygg Haanæs
    Les heile saka
  • Berekraftig arealbruk i akvakultur ei utfordring på Vestlandet

    Innstillinga frå Fiskeri- og kystdepartementet sitt ekspertutval for effektiv og bærekraftig arealbruk i havbruksnæringa kom 1. februar 2011. Hordaland er truleg det fylket som kjem til å merka tilrådingane frå utvalet mest.

    21.03.2011
    Marit Rødseth
    Les heile saka
  • Velkomen til tettstadkonferansen 2011!

    Set av 5. og 6. mai og kom og delta på årets tettstadskonferanse i Rosendal! Då arrangerer Hordaland fylkeskommune, i samarbeid med Kvinnherad kommune og Forum for stedsutvikling, to dagars open konferanse om "Vegen, tettstaden og landskapet".

    18.03.2011
    Kari Øvsthus
    Les heile saka
  • 400.000 kroner til vilttiltak

    400.000 kroner til vilttiltak Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har fordelt 400.000 kroner til ymse tiltak innan viltforvalting. 350.000 kroner går til ulike tiltak for hjort, mens 50.000 går til andre lokale tiltak, mellom anna rype og storfugl.

    18.03.2011
    Bjarte Brask Eriksen
    Les heile saka
  • Kvam og Odda får partnarskapsmidlar

    Årets andre og tredje tildeling av fylkeskommunale midlar til Partnarskap i kommune- og tettstadplanlegging har gått til Kvam herad og Odda kommune. Kvam får til skredsamarbeid og Odda til kulturminneplan.

    17.03.2011
    Kjetil Christensen
    Les heile saka
  • Regionalt forskingsfond Vestlandet lyser ut 27 millionar kroner i 2011

    Det er høve til å søke om støtte til berekraftig matproduksjon, energi og maritim sektor, offentlege utviklingsoppgåver og reiseliv (berre forprosjekt). Det vert organisert fylkesvise informasjonsmøte med møte i Hordaland 15. mars. Søknadsfristen er 13. april.

    07.03.2011
    Jone Engelsvold
    Les heile saka
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart