Hordaland fylkeskommune har gitt 140.000 kr i støtte til eit pilotprosjekt i bydelen Landås i Bergen der målet er å utvikle ein berekraftig modell for lokal samhandling.
Tilskotet går til Landåsbuarar som vil samarbeide for bærekraftige liv i lokalsamfunnet. Dette tre-årige prosjektet starta våren 2010.
Møte dagens behov med omtanke for komande generasjonar
Målet er å utvikle ein modell for lokal samhandling der dagens behov blir imøtekome utan å øydeleggje mulegheitene for komande generasjonar til å få dekkja sine behov.
- Kor langt kan vi som menneske av god vilje, kome mot eit bærekraftig liv om vi leiter etter løysingar utover det kvar einskild kan medverke med?, spør prosjektleiaren Lars Ove Kvalbein. Han er tilsett i Bergen Bispedømmeråd som står bak søknaden og bur på Landås.
Lokal medverknad
Lokale ressurspersonar medverkar med kunnskap og ulønna innsats. Lokale organisasjonar vert tilknytta på sine felt og den lokale kyrkjelyden har ei sentral rolle, m.a. med lokaler og nettverk av frivillige.
Prosjektet vil nytte verktøykassa til Grønn Hverdag, t.d. Klimaklubben og Miljøsteget. Dei vil også knytte seg opp mot Bergen kommune si satsing på Grønt flagg i skulen og Klimaplan for Hordaland 2010 – 2020 frå fylkeskommunen. Tilskotet frå Hordaland fylkeskommune er løyvd frå posten ”Lokal Agenda 21”.
Tanken er at Landås skal vere ein pilot som andre lokalsamfunn og kyrkjelyder kan lære av. Arbeidet skal avsluttast i desember 2012.
Karen Nybø 08.06.2010 15:37