Planutdanning på Vestlandet eit steg vidare

Representantar frå universitet, høgskolar og offentleg forvaltning var den 18. og 19. november samla i Bergen for å diskutere korleis ei planutdanning på Vestlandet kan etablerast, utformast, organiserast og finansierast. Det var brei semje om behovet for meir kompetanse.

Fylkesmann i Sogn og Fjordane, Oddvar Flæte saman med plansjef i Hordaland fylkeskommune Marit Rødseth. Foto: Liv SundheimEtter fylkesvaraordførar Tom Christer Nilsen si velkomsthelsing vart behovet for kompetanse stadfesta i dei påfølgjande innlegga frå fylkesmann i Sogn og Fjordane Oddvar Flæte, direktør for Samfunnsutvikling i Kommunenes Sentralforbund May-Britt Nordli og seniorrådgjevar Liv Kirstine Mortensen frå Miljøverndepartementet.

Biletet: Fylkesmann i Sogn og Fjordane Oddvar Flæte saman med plansjef Marit Rødseth i Hordaland fylkeskommune. 

Utdanningsinstitusjonane var inviterte til å presentere sine studietilbod med tanke på kva dei eventuelt kan tilby i ei framtidig planutdanning. Eit viktig punkt på programmet var drøfting av ulike modellar for erfaringsbasert mastergrad. Modell, fagtilbod, finansiering og organisering var drøfta i grupper dagen etter (biletet under).

 Gruppearbeid. Foto: Carolin Schultze

Det vart avklart at ei vidareføring med bl.a. utvikling av modular i ei framtidig planutdanning no skal takast hand om av høgskulane i Volda, Sogndal og Bergen. 

Aukande behov for kompetanse om klima

- Det er interessant å vere til stades på ein konferanse som i sin heilskap fokuserer på etablering av ei planutdanning på Vestlandet. Etableringa av nettopp slike regionale opplæringstilbod vil vere viktig for å sikre at ulike initiativ trekkjer i same retning og medverkar til ein reduksjon av samfunnet si sårbarheit for klimaendringane, sa fylkesmann i Sogn og Fjordane Oddvar Flæte, som opna den faglege delen av konferansen.  Flæte er leiar for utvalet som står bak NOU 2010:10 Tilpassing til eit klima i endring. 

- Klimatilpassing må integrerast i den ordinære samfunnsplanlegginga, og det er derfor naudsynt med meir kunnskap, kompetanse og kapasitet i forvaltninga for å dekkja opp det eksisterande tilpassingsunderskotet understreka Flæte som ønskte velkomen eit samarbeid om opplæring.

Kommunal planstrategi - ei vitalisering av planarbeidet

Behovet for auka plankompetanse i kommunane var også tema for May-Britt Nordli frå Kommunenes Sentralforbund (KS). - Kommunal planlegging er all utviklings mor, meinte ho og viste bl.a. til KS sin innsats for å styrke arbeidet med kommunal planstrategi etter ny plan- og bygningslov. Ikkje minst er kapasitet viktig for å kunne utnytte kommunane sitt handlingsrom fullt ut. KS utarbeider ein nettportal om planleggingsverktøy, og det vert også arbeidd med nye tilbod innanfor SEVS (Senter for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging) - eit "mini-Samplan" for rådmenn vart nemnt.

Plankompetanse som føresetnad for berekraftig utvikling

- Plan- og miljøkompetanse er to sider av same sak, understreka Liv Kirstine Mortensen frå Miljøverndepartementet. Ny plan- og bygningslov og Naturforvaltningslova set store krav til forvaltninga og det er eit aukande behov for kompetanse innan samfunnsplanlegging. Ho kunne vise til fleire rapporter og utgreiingar som viser behov for styrka kompetanse. Ein analyse utført av Vestlandsforskning og NIBR viste at kompetansesituasjonen innan planlegging var "moderat og varierande" og som tiltak var bl.a. føreslått styrking av etter- og vidareutdanning.

For å styrke plan- og miljøkompetansen er Miljøverndepartementet i gang med ein oversikt over alle plan- og miljøoppgåvene lagt til kommunane. Eit felles tiltak er etablering av ein felles nettportal for  denne informasjonen. Målet er å lette og samordne jobben for planleggjarane.

NIBR har fått oppdrag knytt til Miljødepartmentet sin kompetansestrategi og bl.a. vurdere forslag til tiltak for å styrke grunn-, etter- og vidareutdanning innan planlegging. Det er konkret bedt om at arbeidet som vert gjort i Hordaland og Troms for etablering av etter- og vidareutdanningsopplegg skal trekkjast inn. 

Det vart annonsert at samarbeid med andre departement, særleg Kommunal og regionaldepartementet skal vidareutviklast. Det er òg nytt nettbasert rettleiingsmateriell på trappene.

Kva kan utdanningsinstitusjonane tilby?

Lene Bakke, koordinator for Universitets- og høyskolenettverk Vest (UH-nett Vest) gjorde greie for nettverket sine oppgåver og satsingsområde. Nettverket, som er eit 5-årig prosjekt etablert i 2008, består av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund,  Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen

Etter- og videreutdanning inngår i samhandlinga med regionen om utdanningsamarbeid, og UH-nett Vest har stilt seg positiv til arbeidet med vidareutdanning innan arealplanlegging.

I tur og orden presenterte så deltakarane frå utdanningsinstitusjonane sine tilbod: Roar Amdam frå Høgskulen i Volda (planprosess), Helge Hustveit frå Høgskulen i Sogndal (natur og landskap, klima og risiko), Arve Leiknes frå Høgskolen i Bergen (areal- og tettstadplanlegging, kart og eigedom), Peter Andersen Universitetet i Bergen (samfunnsplanlegging), Siri Skjold Lexau frå Universitetet i Bergen (estetikk, arkitektur og kulturmiljø) og Anders Langeland frå Universitetet i Stavanger (plankompetanse).

Jørgen Amdam. Foto: Carolin SchultzeInnleiarar dag 2 var Johnny Loen frå plan- og analyseavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune (om plan og samfunnsutvikling - eit satsingsområde i det regionale partnarskap) og Knut Olav Akselsen, Senter for etter- og vidareutdanning, Universitetet i Bergen (om modellar for erfaringsbasert master).

Resten av samlinga dag 2 var via gruppearbeid om innhald, organisering og finansiering, med Jørgen Amdam - rektor ved høgskolen i Volda og professor i planfag (biletet) som ordstyrar og prosessleiar.  

Hordaland fylkeskommune pådrivar

Hordaland fylkeskommune v/ plansjef Marit Rødseth har vore ein sentral pådrivar for å få etablert ei planutdanning på Vestlandet. Les meir i oppslaget Miljøverndepartementet støttar planutdanning 07.09.2010 og om Brukarperspektiv inn i planutdanninga på Vestlandet 23.04.2010. 

 

 

Liv Sundheim 25.11.2010 18:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart