Hordaland fylkeskommune har støtta Havforskningsinstituttet med kr. 200 000.- slik at dei kunne gjennomføre og utvide planlagt tokt for å kartleggje kor gyteområda for kysttorsk er.
Egga vert samla ved håvtrekk frå forskingsfartøyet (foto: Havforskningsinstituttet)
Vellukka tokt med overraskande resultat
Ifølgje Torjan Bodvin frå Havforskningsinstituttet gjekk toktet svært bra teknisk sett. Resultata var relativt like dei som vart registrert i 2009 med i hovudsak relativt låge eggverdiar (ca 15 torskeegg pr trekk som ”toppresultat”), men med nokre få unntak. Torskeegg (foto: Havforskningsinstituttet)
- Det var noko overraskande å oppdage at dei stadene som gav dei desidert høgaste egg- og larvetala var indre del av Osterfjorden (22 torskelarvar og 9 egg) med Nordåsvatnet som ein svært god nummer 2 (31 torskeegg). - Generelt sett var vel Osterfjorden den største positive overraskinga med tildels svært høge eggtal for fleire andre artar som laksesild og sei/lyr, i tillegg til gode data for torsk. Samnangerfjorden gav det motsette inntrykk med svært lite av det meste, ifølgje Bodvin.
Dataene er ikkje bearbeidd enno, så dei endelege resultata vil ikkje føreliggje før i september/oktober.
Torskeegg tatt opp med håv (foto: Havforskningsinstituttet)
Kunnskapsgrunnlag for forvaltning
Hordaland fylkeskommune ser på utviklinga av eit godt kunnskapsgrunnlag som viktig for ei god havbruksforvalting, og ser fram til dei endelege resultata frå undersøkinga.
Lenke til Havforskningsinstituttet si nettside: www.imr.no