Mange omsyn å ta
Rallarvegen går gjennom eit sårbart høgfjellsterreng langs Bergensbanen og er eit kulturminne i seg sjølv. Dei mange syklistane i ein kort sommarsesong kan kome i konflikt med andre brukarinteresser i området. Det er difor trong for ei heilskapleg og føreseieleg forvaltning av vegen.
Jernbanebru.
Foto: Hanne Windsholt
Forvalting for berekraftig bruk
Føremålet med forvaltingsstrategien er å legge til rette for ein berekraftig bruk av Rallarvegen. Bruk må tilpassast vern. Det vil seie at bruken av Rallarvegen må halde seg innanfor dei rammer som kulturminna set.
Samtidig må det takast omsyn til naturgrunnlag og biomangfald langs vegen, samt andre brukargrupper og næringsinteresser. Strategien skal ta for seg aktuelle tiltak, fordeling av ansvar og oppfølging av tiltak som kan betre forvaltinga av vegen og områda langs vegen. Målsettinga er å få til ei heilskapleg og føreseieleg forvaltning.
Foto: Stiftelsen Sykkelturisme i Norge.
Initiativ frå Ulvik herad
Ulvik herad tok i januar 2010 initiativ til eit møte om Rallarvegen for å drøfte dei utfordringane bruken av Rallarvegen byr på. Eit breitt utval av etatar/organisasjonar/ interessentar knytt til Rallarvegen vart invitert. Etter møtet vart det nedsett ei mindre arbeidsgruppe med representantar frå kommunane samt sentrale brukarinteresser.
Brei arbeidsgruppe
Arbeidsgruppa har bestått av representantar frå Ulvik herad (leiar), Hol kommune, Aurland kommune, Jernbaneverket, Villreinnemda for Nordfjella, næringsinteresser langs Rallarvegen og Hordaland fylkeskommune. Desse har sett nærare på forvaltningsutfordringane og tiltak som kan svare på desse.
Sekretær for gruppa er Torild Hage frå Planseksjonen i fylkeskommunen. Når eit utkast til strategi er klart, vil dette bli presentert for eit breitt utval av interessentar for innspel og korreksjon.
Kartlegging av brukarinteresser
Det har vore naudsynt å få ein oversikt over status for bruk og forvaltning av vegen. Dagens bruk, brukarinteresser og interessekonfliktar er kartlagt. Forvaltningsutfordringar knytt til bruk av Rallarvegen har vore tatt opp tidlegare, mellom anna i eit interkommunalt forprosjekt i 1999. Prosjektet vart delvis følgt opp, og har vore eit viktig grunnlag for arbeidet i 2010.
www.facebook.com/rallarvegen
www.rallarvegen.com/index.php?m=aboutrallarvegen&lang=no