Regionale forskingsfond er ei ny satsing som skal styrke utvikling og innovasjon på Vestlandet. Det vert no lyst ut 25 millionar kroner til forskingsprosjekt innan ulike tema, der bedrifter, offentlege verksemder og forskingsmiljø vert oppfordra til å søk
Dette er temaområde som kan få støtte til forskingsprosjekt i 2010:
A – Bærekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmidlar til a) Dyrefor, dyresjukdom, plantesjukdom, b) Råvarekvalitet og nye produksjonsprosessar og c) Arealbruk og strukturendringar.
B – Energi og maritim sektor. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmidlar til a) Energieffektivisering, b) Teknologi for marin miljøovervaking og c) Offshore wind.
C – Offentlege utviklingsprosjekt. Forprosjekt innan fleire deltema. Forskingsmildar innan a) Offentleg regionalt arbeid med næringsutvikling og omstilling, b) Regional verknad av store offentlege reformer og c) Ny kunnskap om lokal/regional integrering av minoritetsgrupper i Vestnorske lokalsamfunn.
Økonomiske rammer og søknadsprosedyre
Styret for Regionalt forskingsfond legg i 2010 opp til ei utlysing av 25 millionar kroner til prosjekt innan dei ovanfor nemnte tema. Det kan søkjast om forprosjekt og om forskingsmidlar. Alle søknader skal leverast via Forskingsrådet sitt e- søknadssystem på nettsida www.regionaleforskningsfond.no/Vestlandet
Regionale forskingsfond skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling ved å stø opp under dei prioriterte innsatsområda i regionen og mobilisere til auka FoU - innsats. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er saman om fondet, i nært samarbeid med Noregs forskingsråd.
Les meir om regionale forskingsfond (Kunnskapsdepartementet)
Retningsliner for regionale forskingsfond
Styringsmodell for regionale forskingsfond