Omlag 90 personar var 16 april 2010 samla på hotellet ved Bergen lufthamn for å bli betre kjend med Regionalt forskingsfond Vestlandet. Uheldigvis var dette ein av dei flyfrie dagane som følgje av oskeskyen frå Island.
Dermed var det få tilreisande frå Rogaland, medan hordalendingar og folk frå Sogn og Fjordane hadde tatt seg til flyplassen i Bergen sjøvegen eller landevegen.
Dei om lag 90 deltakarane på møtet er hovudsakleg heimehøyrande i Fou miljøa på Vestlandet, men også ein del bedrifter og nokre offentlege verksemder var representert.
Sekretariatsleiar Jone Engelsvold frå Hordaland fylkeskommune (biletet) ga i sin presentasjon ei brei innføring om regionale forskingsfond, og korleis fondsarbeidet er tenkt utvikla som eit verktøy for regional utvikling på Vestlandet.
Vidare presenterte han utkast til handlingsplan 2010 – 2011 og utkast til utlysingstekst frå fondet i 2010.
Les meir på nettsida til RFFVEST
Foto: Atle Markussen