Forprosjekt og hovudprosjekt
Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFFV) lyser ut midlar både til hovudprosjekt og forprosjekt. Målet med forprosjekta er å hjelpa søkjarane til å utvikla FoU-prosjekt som kan oppnå støtte frå relevante tilskotsordningar. Målgruppene er offentlege og private verksemder og FoU-institusjonar, med søknader innafor alle dei prioriterte tema. Kvart forprosjekt kan få inntil kr 200.000 for ein periode på eitt år. Målet med hovudprosjekta er styrka FoU-aktivitet i bedrifter eller offentlege verksemder heimehøyrande i regionen. Det er mogleg å gå rett på hovudprosjekt, om grunnlaget er på plass.
Søknadsfristen for forprosjekt er 13 april medan søknadsfristen for hovudprosjekt er 12. oktober. Handlingsplanen for RFF Vestlandet legg føringar for utlysinga. RFF Vestlandet femner om Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Du finn handlingsplanen og korleis du skal gå fram for å søkja om midlar på nettsida til RFF Vestlandet: http://www.regionaleforskningsfond.no/vestlandet.
Informasjonsmøte
Det blir organisert fylkesvise informasjonsmøte om utlysinga. For Hordaland blir det organisert slikt møte:
Sted: Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckelsgate 5, møterom Sunnhordland
Tid: 15. mars kl 09.00 - 1100
Program:
1. Velkommen
2. Informasjon om søknadsbehandling og søknadstypar
3. Viktige element i søknaden - noen erfaringar
4. Kriterium for evaluering av søknadene
5. Prioriteringar i utlysninga med søknadsfrist 13.april, Jone
6. Avslutning
Påmelding innan tysdag 8. mars til: Atle Markussen: ama@forskningsradet.no
Endringar frå 2010
Utlysinga 2011 vidarefører i stor grad hovudlinjene i handlingsplan og utlysing frå 2010. Det er likevel gjort ein del endringar og presiseringar innanfor denne ramma. Dei fleste grep er basert på innspel frå møter i dei tre fylka. I tillegg er røynsler frå søknadsprosessen i 2010 lagt til grunn for søknadstypar, økonomiske rammer og spissing av utlysingsområda. Nokre endringar frå 2010 er:
1. Reiseliv er vedteke som tema for regional kvalifiseringsstønad/forprosjekt.
2. Innan berekraftig matproduksjon er til søkt å gjere utlysingsteksten noko opnare. og teknologi innan akvakultur er løfta fram.
3. Innan energi – maritim sektor er det mindre endringar.
4. Innan offentleg sektor er det eit særleg søkelys på offentleg tenesteproduksjon. Det er eit eige avsnitt om klima og samfunnsberedskap.
Det er skjerpa krav til bruk av skattefunnordninga i finansieringsplanen der dette er mogeleg, og at søkjar vert beden om å synleggjere dette. Av denne grunn er maksimal tilskotsramme satt ned til 35 % for bedriftsprosjekt med skattefunnpotensiale, slik at det samla offentlege tilskotet vert maksimum 50 % , som i dei fleste tilfelle er grensa for ESA sitt regelverk for statsstøtte.
Det er forslag om at maksimal årleg støtte vert sett til kr 1 mill for kvart hovudprosjekt. Det er vidare vedteke ei spissing inn mot kva tema som skal gjelde for utlysing av midlar til regional kvalifiseringsstønad/forprosjekt.
Oppsummering av prioriterte tema og søknadstypar i 2011:
A. Berekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor. Forprosjektsøknader innanfor alle tema. Hovudprosjekt berre tema 1-3. Søkjar er ei bedrift eller ei gruppe av bedrifter på Vestlandet.
1. Bruk av råstoff, dyrefor og fokus på god dyre- og fiskehelse
2. Ny teknologi innan akvakulturnæringa
3. Råvarekvalitet og nye produksjonsprosessar
4. Nye marine artar for oppdrett
B. Energi og maritim sektor. Forprosjektsøknader innanfor alle tema. Hovudprosjekt berre tema 1-3. Søkjar er ei bedrift eller ei gruppe av bedrifter på Vestlandet.
1. Energieffektivisering og ny fornybar energi
2. Teknologi for marin miljøovervaking
3. Offshore vind
4. Boring og brønnteknologi for petroleum og geotermi
5. Maritim sektor – Subsea teknologi
6. Reduserte utslepp frå transport til havs og frå offshore verksemd
C. Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet
Forprosjektsøknader innanfor alle tema. Hovudprosjekt berre tema 1-3. Søkjar er ei eller fleire offentleg verksemder på Vestlandet eller eit Fou miljø.
1. Regionalt og kommunalt arbeid med næringsutvikling og omstilling
2. Fornying av offentleg sektor med vekt på regional og kommunal tenesteproduksjon innan helse- og omsorgstenester og skule
3. Klimatilpassing og samfunnsberedskap
4. Regionalt ansvar for folkehelse
D. Reiseliv – med fokus på lønsemd og berekraft.
Berre forprosjekt i 2011. Alle tema. Søkjar er ei offentleg verksemd eller ei bedrift på Vestlandet eller eit FoU miljø.
1. Frå produkt til marknad
2. Ulike ferieformer
3. Entreprenørskap – nettverksarbeid
4. IKT - sosiale media
Formålet med regionale forskingsfond er å styrke forsking for regional innovasjon og regional utvikling, mobilisere til auka FoU-innsats i regionane, bidra til auka forskingskvalitet og utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø i regionane, skape utviklings- og læringsarenaer der regionale erfaringar kan verte drøfta i relasjon til nasjonal og internasjonal kunnskap og aktivitet og sørgje for tett samspill mellom aktivitet i regionane og deira relasjon til andre nasjonale og internasjonale programmer og aktivitetar.