Høyringsrunde til Regional forskingsstrategi

Ein eigen høyringsrunde vart organisert frå midten av desember 2009 til 18 januar 2010. Innan fristen 19 januar 2010 kom det inn 29 høyringsfråsegner.


Høyringsfråsegnene kjem hovudsakleg frå utdannings- og forskingsmiljøa, men også næringslivsorganisasjonar og offentlege organisasjonar er representert. Den regionale forskingsstrategien inneheld mange faktaopplysningar. Fleire av høyringsaktørane har vore flinke til å hjelpe med presisjonsnivået her. Dette er det all grunn til å takke for!

Positive tilbakemeldingar

Det er mykje positive tilbakemeldingar i fråsegnene. Det er så godt som ingen negative tilbakemeldingar til valet av mål og strategiar i dokumentet. Ei av høyringsfråsegnene peiker på eit grunnleggjande for sterkt fokus på problemstillingar og forsking i ytre og sentrale strok. Dei fleste gir sine synspunkt på forbetring og vidare utvikling av dokumentet innan dei rammene som er gitt.

Høyringsfråsegnene kan kategoriserast slik:
 

Utdannings- og forskingsmiljøa

Desse synleggjer eigne ansvarsområde innan forsking og peiker på relevans av desse inn mot strategien. I ein del tilfelle vert det uttrykt ønskje om sterkare fokus på deira fagfelt, men hovudsakleg er innspela ei presisering og ytterligare detaljering av allreie prioriterte forskingstema. Desse innspela vil ha stor verdi i arbeidet med oppfølging av strategien.

Det vert nokre gonger reist spørsmål om dei forskingsfaglege fokusområda. Særleg er det synspunkt knytt til valet om å ikkje fokusere regionale mål og strategiar ovanfor den statleg finansierte forskinga innan spesialhelsetenesta som til dømes Helse Bergen driv, og tilsvarande ovanfor nokre fag og ansvarsområde innan profesjonsutdanningane som ligg til dei statlege høgskulane.

Det er også innspel i forhold til kommersialisering av forskingsresultat, som ein har vurdert hovudsakleg å ligge meir til næringspolitikken og arbeidet med Regionalt Utviklingsprogram.

Næringsaktørar og organisasjonar

Dei som har uttala seg er i stor grad positive til strategiutkastet. Frå maritim side er det spelt inn eit sterkt ønskje om gjere maritim næring til eige satsingsområde, og ikkje del av ei felles satsing på energi og maritim sektor. Dette ønskje er tatt til følgje.

Eit ønskje frå mediebransjen via det nye MediaArena prosjektet om ei sterkare fokusering av forsking knytt til kulturnæringane er også tatt omsyn til. Frå reiselivsnæringa er det gitt feire innspel som vil bli viktige i oppfølginga av strategien. Tilsvarande gjeld frå marin side, der ein nok også skulle ønskje seg ei ytterligare detaljering av den prioriterte satsinga.

Offentlege etatar og organisasjonar

Dei som har gjeve fråsegn er alle positive til mål og strategiar i dokumentet. Frå kvar sin ståstad gir dei likevel innspel til tema som kunne vore meir omtala. Også dette er innspel som vil vere viktige i den vidare oppfølginga av strategien.

Ei vurdering av fråsegnene følgjer saka om Regional forskingsstrategi til Fylkestinget.

Vedlegg: høyringsfråsegner (pdf, 2 MB) 

Jone Engelsvold 20.01.2010 15:03
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart