Regionalt forskingsfond Vestlandet skal styrka utvikling og innovasjon i dei tre vestlandsfylka ved å stø opp under forskingstema det har vist seg å vera særleg behov for i regionen. Dei tre satsingsområda bærekraftig matproduksjon, energi og maritim sektor og offentlege utviklingsoppgåver står øverst på prioriteringslista.
- Hovudprosjekta som er tildelt midlar tilstrebar å finna svar på nokre av dei store spørsmåla som opptek næringslivet på Vestlandet. Får vi svar på desse spørsmåla, vil det løfta fram heile regionen, seier styremedlem i RFFV, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordland.
- Prosjekta vil setja oss i front også i nasjonal samanhang, supplerer fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane.
Hovudprosjekt
Mellom dei 28 vurderte søknadane om hovudprosjekt var det overvekt av søkjarar innan bærekraftig matproduksjon. Ni av søknadane hadde energi og maritim sektor som tema, fire tok for seg offentlege utviklingsoppgåver.
- Her er mange spanande prosjekt som viser næringslivet på Vestlandet i fullt vidsyn. Vi har berre 21 millionar å dela ut, medan det vart søkt om over 80. For styret har det difor vore et krevjande arbeid å avgjera kven som burde få støtte. Vi har vore opptekne av å støtta både store prosjekt som betyr mykje på tvers av fylkesgrensene, og dei mange små søkjarane, seier fylkesordførar Tom Tvedt i Rogaland, som er styreleiar i fondet.
Høg kvalitet
Dei 28 søknadane om hovudprosjekt vart vurdert av nasjonale ekspertpanel. Heile 16 av dei kom ut med karakterane toppkarakterane 6 eller 5.
- Kvaliteten på søknadane var jamnt høg. Tildelinga betyr difor ikkje at dei som ikkje har blitt tildelt støtte, er uinteressante. Vi rår over mange ulike verkemiddel, og vil no ta kontakt både med dei som har fått støtte og med dei som ikkje har nådd fram, for å sjå kva tilbod som kan vera aktuelt. Hovudintensjonen vår er uansett at alt forskings- og utviklingsarbeid må ha som mål å skapa nye arbeidsplassar, seier Tvedt.
Kontraktsforhandlingar
Dei ti tilrådde hovudprosjekta har tilsaman søkt om 31 millionar kroner i støtte. Akkurat kor mykje kvart einskild prosjekt får tildelt vil difor verta avgjort i kontraktsforhandlingane med kvar einskild aktør. Kapitaltilgangen frå andre kjelder er ein faktor som vil påverka sluttsummen.
- Vi legg opp til at alle ti skal få nok midlar til å gjennomføra prosjektet, seier sekretariatsleiar Jone Engelsvold i RFFV.
Dei tilrådde søknadane representerer ein betydeleg eigenkapital, slik at dei samla sett utløyser ein forskingsinnsats langt større enn tildelinga frå forskingsfondet.
Hordaland
Hordaland var det fylket som sendte inn flest søknadar om hovudprosjekt. Sju av søknadane hadde mat som tema, seks av dei var retta mot oppdrettsnæringa. Samtlege av dei fire søknadane innan enegi og maritim sektor hadde fokus på energi.
Fire hovudprosjekt frå Hordland får støtte:
- Forekomst av Paranucleospora theridon på Vestlandet; Er parasitten en medvirkende årsak til sykdomsutbrudd av pancreas disease og proliferat? - Fiskeri og havbruksnæringens interresseorganisasjon
- Improved design criteria and forecast for energy yield from offshore wind turbines - Storm Weather Center AS
- Teknologi for deteksjon av gassutslipp med akustikk - Marine Ecosystem Technologies AS
- Utvikling av ny standard for sedering og slakt av oppdrettslaks - en prosessorientert kvalitetsoptimalisering - Marine Harvest Norway ASA
Rogaland
Rogaland hadde svært mange søknadar om forprosjekt. Sju søknadar om hovudprosjekt var likevel færre enn venta. Truleg skuldast dette at den omfattande landbrukssatsinga i fylket overraskande nok ikkje kom til uttrykk i søknadsbunken. Hovudprosjekta spegla istaden satsinga på energi og maritime næringar i fylket.
Tre av hovudprosjekta frå Rogaland fekk støtte:
- Bruk av helsefôr til laks (Salmo salar) i kampen mot lakselus (Lepeophtheirus salmonis)- Skretting Aquaculture Research Centre AS
- Det vestlandske innovasjonssystemet i en global økonomi - IRIS
- Nye biologiske sanntidssensorer for miljøovervåkning - BiotaTools AS
Sogn og Fjordane
Frå Sogn og Fjordane var det kome inn ni søknadar om hovudprosjekt. Seks av desse hadde fokus på matproduksjon.
Tre prosjekt frå Sogn og Fjordane er tildelt støtte:
- Bærekraftig utvidelse av den norske bringebærsesongen - Innvik Fruktlager BA
- Jordbær utan lerrote til norsk konservesindustri - Lærdal Grønt BA
- Towards a multicultural community: Is monority integration a bumpy road or a superhighway? - Stiftinga Vestlandsforsking
5,4 millionar til forprosjekt
Samstundes vert det gjeve 5,4 millionar kroner i støtte til 27 forprosjekt. Kvart av forprosjekta får tildelt oppunder 200.000 kroner.
- Forprosjekta har større variasjon i tema. Det er gledeleg å sjå at så mange har søkt, og at så mange kan få støtte til naudsynt forsking og utvikling i eigne verksemder. Ordninga oppfordrar til auka samhandling mellom etablerte forskingsinstitusjonar og næringslivet, og vil fungera som ein pådrivar for meir brukardriven innovasjon, seier Selsvold Nyborg.
Stor søknadsbunke
Det kom inn totalt 95 søknadar; 32 om støtte til hovudprosjekt og 63 om forprosjekt. Til saman vart det søkt om 104 millionar kroner – meir enn fire gongar så mykje som fondet har til disposisjon. Hovudprosjekta stod for klart den største delen av søknadssummen – 87,4 millionar kroner.
– Denne første søknadsrunden har dokumentert eit stort, udekka behov for forsking på vestnorske tema som ikkje vert omfatta av andre støtteordningar, seier sekretariatsleiar Jone Engelsvold.
RFFV - prioriterte hovudprosjekt som får støtte 2010 - mål.
RFFV - kvalifiseringsprosjekt / forprosjekt som får støtte 2010
For meir informasjon, kontakt sekretariatsleiar Jone Engelsvold, tlf. 55239325