Hordaland sterk på kompetanse og produktivitet, svakare på forsking og nyskaping

I Forum for regional utvikling 28. mars 2007 la Urs Müller og Tina Haisch frå BAK Basel Economics i Sveits fram ein studie der dei samanliknar Hordaland sitt innovasjonspotensiale og økonomiske utvikling med andre regionar i Europa.

Studien er utarbeidd for Hordaland fylkeskommune.

Nokre hovudpoeng frå studien, som dei sveitsiske forskarane har utarbeidd ut frå tilgjengelege data og for den gruppa av regionar som er studert, vert gjengjevne nedanfor. Heile presentasjonen er tilgjengeleg i pdf- format nederst på sida.

Hordaland og 12 andre regionar i Europa vart samanlikna:

Region Politisk eining Region Politisk eining
Bergen Hordaland Cardiff Wales
Oslo Oslo og Akershus Hamburg Hamburg
Göteborg Väst- Sverige Rotterdam Zuid-Holland
Turku (Åbo) Varsinais Suomi Barcelona Katalonia
Aalborg Nordjylland Marseille Bouches-du-Rhone
Aberdeen Aberdeenshire Trieste Friuli-Venezia-Giulia
Newcastle North East England

Ved valet av regionar er det dels lagt vekt på å finne regionar som har ein liknande posisjon i sitt land som Hordaland (t.d. med nest største by), dels å gjere samanlikningar med regionar som Hordaland fylkeskommune har eit samarbeid med.

Regionane vert dessutan samanlikna med gjennomsnittet for EU 15+2 (EU før utvidinga mot aust i 2005, pluss Sveits og Norge).

Figuren viser forholdet mellom vekst i folketalet og GDP (brutto regionalprodukt) per innbyggjar. For dei dataene som er nytta her er det ingen sterk samanheng mellom desse variablane. Oslo, Barcelona og Bergen ligg over det vesteuropeiske gjennomsnittet på begge indikatorane. Grafikk: BAK Basel.

Bergen og i endå større grad Oslo er i vesteuropeisk samanheng rike regionar som også har ein bra vekst i folketalet. Andre rike regionar er Hamburg og den skotske oljehovudstaden Aberdeen, medan Barcelona skil seg ut ved ein særleg sterk folkevekst.

Kva skaper økonomisk vekst ?

Ifølgje BAK Basel kan det identifiserast fem sektorar som i særleg grad er drivkraft for økonomisk vekst:

Urban sektor: Tradisjonell sektor:
Handel, reparasjonar Næringsmidlar
Finansiell og forretningsmessig tenesteyting Tekstil, sko m.v.
Transport Treforedling
Hotell og restaurant Grafisk industri og papirprod.
Underhaldning, kultur og sport Oljeprodukt og kol
Personleg tenesteyting Gummi og plastprod.
Politisk sektor: Andre ikkje- mineralske pod.
Primærnæringane Metallproduksjon, verkstadindustri
Kraft- og vassforsyning Industriproduksjon elles
Forsking og utvikling Bygg og anlegg
Offentleg forvaltning Den nye økonomien:
Undervisning Data- og kontorutstyr
Helse- og sosialtenester Elektro og telekommunikasjon
Renovasjon og gjenvinning It- tenester
Avansert industri ("Old economy"):
Kjemisk og farmasøytisk industri
Presisjonsinstrument
Transportmidlar

Figuren viser utviklinga i forholdet mellom dei ulike sektorane i Bergen og i Vest- Europa 1990 - 2005. Grafikk: BAK Basel.

I Bergen som i Vest- Europa elles har "tradisjonell sektor" fått mindre betydning sidan 1990. "Politisk sektor" har auka mest i Bergen, medan den har fått redusert betydning i Vest- Europa. "Den nye økonomien" si betydning er framleis mykje mindre i Bergen enn i Vest- Europa.

Figuren viser at Bergen er berre "slått" av Oslo når det gjeld andel av arbeidstakarar med høgare utdanning. Grafikk: BAK Basel.

Dei fleste av dei regionane som er omfatta av presentasjonen har ein betre utdanna arbeidsstyrke enn det europeiske gjennomsnittet.

Figuren viser i kva grad arbeids- og produktmarknaden i regionane er regulert. Høge verdiar betyr stor grad av regulering, låge verdiar betyr lite regulering. Grafikk: BAK Basel.

Dei fleste regionane i studien har ein nokså regulert arbeidsmarknad, og middels regulert produktmarknad. Dei britiske regionane skil seg ut ved å ha liberale arbeidmarknader og regulerte produktmarknader, medan det tildels er motsett i Barcelona. Bergen ligg nær det vesteuropeiske gjennomsnittet på begge indikatorar.

Figuren viser skattenivået for bedrifter og høgt kvalifiserte arbeidstakarar. Effektiv skattesats, 2005. Grafikk: BAK Basel.

Dei fleste regionane i studien har eit høgare skattenivå enn det vesteuropeiske gjennomsnittet, også dei to norske. Dei britiske regionane utmerkar seg ved eit lågt skattenivå, medan Göteborg har høgt skattenivå for bedrifter.

Figuren viser samanhengen mellom produktivitetsvekst (2000-2005) og utdanningsnivå. Trendlinja viser den gjennomsnittlege samanhengen for regionane som inngår i denne studien. Grafikk: BAK Basel.

Det er ein tydeleg samanheng mellom utdanningsnivå og produktivitetsvekst i dei regionane som er studert, der det er utdanningsnivået som reknast å påverke produktiviteten. Særleg Turku og Göteborg er ut til å ha hatt ein produktivitetsvekst utover det som kan forklarast av utdanningsnivået, medan Barcelona, Hamburg og tildels Bergen heng litt etter.

Konklusjon:

Konklusjonane for Bergen, basert på alle funn i studien, kan framstillast slik:

Sterke sider (rangering mellom dei 5 beste regionane): Høgt utdanna arbeidskraft, høg produktivitet, liberale produktmarknader.

Middels (rangering som nr. 6-8): Produktivitetsvekst, satsing på forsking, regulering av arbeidsmarknaden, skattenivå.

Svake sider (rangering lågare enn nr. 9): Publisering av forskning, tilgjengelegheit, kvalitet på utdanningssystemet, bruk av patentar.

 

Benchmarking economic performance and innovation potential of Hordaland (pdf; 1 Mb)

Benchmarking economic performance and innovation potential of Hordaland (6 ark pr. side, pdf; 0,5 Mb)

- - - - -

http://www.bakbasel.ch; http://www.bakbasel.com

Invitasjonen til møtet (pdf)

Forum for regional utvikling

BAK Basel Economics

Ronny Strand 17.04.2007 14:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart