Forteljingar frå Hordaland - regional utvikling 2007

«Forteljingar frå Hordaland» viser i korte trekk kva strategiar Hordaland fylkeskommune har, og gir også nokre døme på korleis fylkeskommunen arbeider med konkrete prosjekt, tiltak og andre sentrale oppgåver i 2007.

Viktige problemstillingar innanfor regional utvikling er til dømes: Korleis kan vi arbeide for å etablere nye arbeidsplassar i framtida? Kva for grep må vi gjere for å sikre ei miljømessig og berekraftig utvikling av fylket ? Kor skal vegane gå ? Korleis skal vi utvikle kollektivtrafikken med sikte på eit mest mogleg effektivt transportarbeid ? Korleis skal vi gjere byane og tettstadene våre attraktive med gode kultur- og servicetilbod ? Kva for område skal vi bruke til bustader, sentrumsstruktur, vegar og friluftsliv ?

Og ikkje minst, korleis heng politikken saman mellom dei ulike sektorområda ? I dette arbeidet er det viktig å fastslå kva vi skal prioritere. Regional utvikling handlar difor om både å setje mål for og gjennomføre tiltak for den samfunnsmessige utviklinga i Hordaland og på Vestlandet.

Politiske vegval
Fylkeskommunen er eit politisk nivå med direkte valde politikarar. Regional utvikling dreiar seg om politiske vegval: Kva for mål vi har sett oss, og korleis vi skal nå dei. Difor er det regionale politiske organ som må fastsetje desse måla.

Overskrifter i dokumentet:

  • Kva gjer Hordaland fylkeskommune ?
  • Optimisme på Vestlandet
  • Planar
  • Kva betyr fylkeskommunen for deg ?
  • Digital skulekvardag
  • Den kulturelle skulesekken
  • Til utlandet for å lære
  • Livskraftig kulturportal
  • Hordaland fylke - føregangsfylke når det gjeld kulturbasert næringsutvikling
  • Betydeleg bidrag til samfunnsutviklinga
  • Framtida ligg på havbotnen
  • "Smak av kysten"
  • Framtidsretta samferdsleplanlegging
  • Nytt elektronisk billettsystem
  • Oppdatert kart for friluftsliv
  • Folkehelse
  • Politiske organ
  • Stønadsordningar

Forteljingar frå Hordaland - regional utvikling 2007 (pdf)

19.06.2007 07:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart