Hordaland fylkeskommune har sett av kr 400.000,- til lokal innsats for klima og miljø for 2011.
Søknadfrist 1.mars 2011.
Hordaland fylkeskommune inviterer lag og foreiningar, kommunar, bedrifter eller andre som i fellesskap ønskjer å medverke lokalt til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling til å søkje om støtte.
Det er vesentleg at ein samarbeider og utviklar felles forståing og vilje til å finne lokale løysingar på den staden det gjeld og avklarar tiltaket med kommunen sjølv om det varierer i kva grad kommunen er direkte involvert i tiltaket. Det vil telje positivt om tiltaket er i tråd med den kommunale energi- og klimaplanen.
Ver venleg å merke søknaden med:
”Lokal Agenda 21 – 2011, Ref: 201101318”
Søk innan 1. mars
pr post til : Hordaland fylkeskommune, Sentralarkiv, PB 7900, 5020 Bergen
eller elektronisk til: sentralarkivet@post.hfk.no.
Søknadsskjema
Kontaktperson: Karen Nybø, tlf 55 23 93 18 epost: kany@post.hfk.no