Tilrår Aldal og Frøland kraftverk

Fylkesutvalet i Hordaland rår til at det vert gjeve løyve til utbygging i Samnangervassdraget og Aldalselva, Aldal kraftverk og Frøland småkraftverk, etter alternativ 1.

Vedtaket vart gjort med 12 mot 2 (SV, Sp) røyster.

Det er BKK Produksjon som søkjar om løyve med sikte på å fornya kraftproduksjonen i Samnangervassdraget. Alternativ 1 vil gje 80 GWh ny kraft.

Omsyn til fisk og naturtypar

Då utbygginga gjeld eit vassdrag med laks og sjøaure viser fylkesutvalet til dei fylkespolitiske retningslinene om tiltak for å redusera negativ innverknad, t.d. vurdering av omløpsventil, tilpassa vassføring i gytevandringstida og sikre inntaksordningar for å unngå tap av fisk i turbin. Ved val av deponi og kraftlinetrasear bør ein i størst mogeleg grad ta omsyn til sårbare naturtypar og førekomst av raudlisteartar.

Kulturminne

Om kulturminne seier fylkesutvalet:

  • Deponialternativ aust for vegen i Engjaliområdet bør takast ut av planen slik at det ikkje er i konflikt med opplevingsverdi av KM 9, den freda helleren, askeladden id 120768.
  • Tilkomstvegen til inntak i Aldalselva bør justerast for å sikre blokkhelleren ved Aldalen som er eit kulturminne av lokal/regional verdi. 
  • Det vert stilt krav om at undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminneloven vert oppfylt i god tid før iverksetjing av tiltak. Dersom det vert avdekka konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltaka justerast eller eventuelt leggjast fram for Riksantikvaren som rette dispensasjonsmynde.

Forslag som fall:
Magnar Lussand (Sp) sette fram forslag om at fylkesutvalet skulle rå til utbygging etter alternativ 2 med nytt Frøland kraftverk og Frøland småkraftverk som vil gje 27 GWh ny kraft. Forslaget fekk to røyster (Sp, V) og fall.

Sak til fylkesutvalet

Stanley Hauge 20.05.2011 09:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart