
Knut Bjørn Andersen (Stiftelsen Miljøfyrtårn, f.v.), Gudrun Mathisen (klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune), Gunnar Berge (plan- og miljøsjef i Voss kommune) og Per Svae (prosjektleiar for miljøfyrtårn i Hordaland fylkeskommune) deltok på miljøfyrtårndagen. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)
Kolossal vekst
– Hordaland fylkeskommune er tidleg ute med miljøfyrtårnsertifisering. Vi reknar med ein kolossal vekst. I juni skal fylkeshuset vere klart til å bli miljøsertifisert. Innan utgangen av året står 80 prosent av dei offentlege tannklinikkane i fylket og seks vidaregåande skular for tur. Beredt skal i gang, og innan 2012 skal vi vere i mål med heile fylkeskommunen, opplyser Svae.
Få opp interessa og kunnskapen
Den regionale miljøfyrtårndagen samla 180 deltakarar frå heile fylket på Grand Hotel Terminus i Bergen.
– Det er tre år sidan vi sist hadde eit slikt arrangement i Bergen. Vi arrangerer denne dagen for å få opp interessa og kunnskapen om miljøfyrtårnsertifisering og har jobba for å få alle kommunane i fylket til å delta. I tillegg har vi 50 deltakarar frå private bedrifter som er interessert og konsulentar som hjelper til med sertifiseringa.
Utdanning av sertifisørar
I forkant av miljøfyrtårndagen arrangerte Hordaland fylkeskommune sertifisørkurs med 17 deltakarar frå fylket.
Samarbeid
Miljøfyrtårndagen var eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Stiftelsen Idebanken og Stiftelsen Miljøfyrtårn.
Telemark tek etter Hordaland
Overordna plan for satsinga på miljøsertifisering er Klimaplanen for Hordaland som no er ute på høyring. Klima- og naturressurssjef i Hordaland fylkeskommune, Gudrun Mathisen, er stolt over at Telemark fylkeskommune vil bruke klimaplanen for Hordaland som mal for sin klimaplan. Fylkestinget i Hordaland skal vedta klimaplanen til sommaren.

180 deltakarar frå kommunar og private bedrifter i Hordaland deltok på Miljøfyrtårndagen.