
Miljøfyrtårnsertifikat til Bergen kommune vart delt ut av fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes (heilt til høgre) til Kjerstin Eikrem og Marit Stensland, Hjemmesykepleien i Laksevåg, (bak f.v.), Trine Hansen, PPT i Fyllingsdalen, Astrid Rasmussen, Boligetaten og Byantikvaren i Bergen kommune, Bengt Anthun, Avdeling for psykisk helse i Fyllingsdalen, Kjersti Kvamme, Hjemmesykepleien i Solheim, Britt Gildernes, Hjemmesykepleien i Ytrebygda, Astrid Egeland og Anne Gro Revheim Sherling, hjemmesykepleien i Fana. Framme f.v: Dorte Brundtland, Helsestasjon og skolehelse i Laksevåg, Rigmor Christensen, Årstad botjenester til utviklingshemmede, Magny Aalen, Hjemmesykepleien i Ytrebygda, Gunn Bakstad og Ester Marie Weløy, Hjemmesykepleien i Fyllingsdalen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Stas
– Det er stas at eitt av dei første oppdraga eg får, er å overrekkje miljøfyrtårnsertifikat. Miljøfyrtårn er eit resultat av Lokal Agenda. Til no er 3000 einingar sertifiserte her i landet, sa fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes og overrekte sertifikatet til 19 einingar i Bergen kommune.
19 sertifikat
Dei 19 einingane er: Hjemmesykepleien i Laksevåg, PPT i Fyllingsdalen, Boligetaten og Byantikvaren i Bergen kommune, Avdeling for psykisk helse i Fyllingsdalen, Hjemmesykepleien i Solheim, Hjemmesykepleien i Ytrebygda, Hjemmesykepleien i Fana, Helsestasjon og skolehelse i Laksevåg, Årstad botjenester til utviklingshemmede, Hjemmesykepleien i Fyllingsdalen, Ergo- og fysioterapitjenesten i Årstad, Bergen byarkiv, Overformynderiet, Bergen Brannvesen, Helsevernetaten i Bergen kommune, Avdeling for psykisk helse Årstad, Hjemmesykepleien i Arna, Hjemmesykepleien i Landås og ergo- og fysioterapitenesta i Arna.
Rådhuset først ut
Byrådet og bystyret i Bergen har bestemt at heile organisasjonen skal satse på miljøet. Rådhuset var først ut og vart miljøsertifisert i desember 2009. Deretter er miljøsertifiseringa gjennomført i mange einingar, og på skular og barnehagar som blir sertifisert som “grønt flagg”. Meir enn 16.000 personar arbeider i Bergen kommune. Dei 19 miljøsertifikata vart delt ut i fylkeshuset i Bergen.

Desse fekk og miljøfyrtårnsertifikat: Marianne Sommersten, Ergo- og fysioterapitjenesten i Årstad (bak f.v.), Arne Skivenes og Paul Lossius, Bergen byarkiv, Marianne Karlsen og Halvard Stensund, Overformynderiet, Karl Otto Nesdal og Frode Bødtker, Bergen Brannvesen og Ingvar Tveit, Helsevernetaten i Bergen kommune. Per Svae er miljøfyrtårnkoordinator i Hordaland fylkeskommune og fylkesvaraordførar Mona Haugland Hellesnes delte ut sertifikata. Framme f.v: Kristin Mørk Frotvedt, Avdeling for psykisk helse Årstad, Lisbeth Mjelde Hjemmesykepleien i Arna, Ingvild Nordhus og Åse Herfindal, Hjemmesykepleien i Landås, Kari Loftås, ergo- og fysioterapitenesta i Arna.
Fylkesordføraren miljøsertifiserte Rådhuset i Bergen
Seks nye miljøfyrtårn i Bergen
Har gjort ein flott jobb med miljøsertifisering