Hordaland fylkeskommune sitt systematiske arbeid med miljøsertifisering blir no lagt merke til nasjonalt.
Det har i det siste blitt publisert fleire oppslag om det systematiske arbeidet med miljøsertifisering av Hordaland fylkeskommune. Stiftinga Miljøfyrtårn og stiftinga Idebanken har trekt fram Hordaland fylkeskommune som eit godt døme på fylkeskommunalt arbeid med miljøsertifisering. Les meir om Hordaland fylkeskommune som godt døme hjå Miljøfyrtårn og Idebanken.
Miljøindex er ein katalog på internett over alle miljøsertifiserte verksemder. Dei har hatt eit tilsvarande oppslag i sitt nyhendebrev som går til alle miljøsertifiserte verksemder. Les om Hordaland fylkeskommune i nyhendebrev frå Miljøindex.
Hordaland fylkeskommune har i fleire år publisert miljørekneskap. I fjor vart det for fyrste gong utarbeidd miljørekneskap for dei einskilde einingane òg. I 2012 er Hordaland fylkeskommune valt ut til å vere med i ei nasjonal arbeidsgruppe under leiing av Statistisk Sentralbyrå for å utarbeide retningsliner og system for energi- og miljørapportering i KOSTRA (kommune-stat-rapportering)
Miljøsertifisering av kommunar i Hordaland
31 av 33 kommunar i Hordaland er mellom anna, med pådriv frå fylkeskommunen, blitt med i Miljøfyrtårn. I handlingsprogrammet til klimaplan for Hordaland for 2012 er tiltak 3.2 at arbeidet i fylkeskommunen skal vidareførast til eit samarbeid med kommunar om sertifisering av deira einingar. Dette gjeld andre kommunar enn Bergen. Dei er allereie halvvegs med å miljøsertifisere alle sine einingar, og har kapasitet til å klare dette på eiga hand. Sjå tiltak 3.2 i handlingsprogram 2012 for klimaplan for Hordaland.
Miljøfyrtårndag i Bergen i mai
Bergen kommune vil i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og stiftinga Miljøfyrtårn arrangere miljøfyrtårndag i Bergen i mai. Meir informasjon om miljøfyrtårndagen og påmelding vil du finne her.
Les meir om andre gode døme frå Miljøfyrtårn
Kvinnherad vgs er blitt Miljøfyrtårn
Kvinnherad vidaregåande skule starta arbeidet med sertifiseringa allereie våren 2010, og dei har jobba målretta for kunne bli sertifisert før 2011 var omme.
Miljøgruppa til skolen har vore bredt samansett med miljøansvarleg Rolf Kirknes i spissen. Gruppa har jobba jamt og trutt med Miljøfyrtårn sine bransjekrav for å få dei tre bygga til skolen klare til sertifiseringa. Resultatet av arbeidet kom 7. desember då skolen blei godkjent som Miljøfyrtårn. Dette er den tredje vidaregåande skolen som er blitt Miljøfyrtårn i år.