Miljørapport for Hordaland fylkeskommune 2009

For første gong i den perioden data er tilgjengeleg, var det frå 2007 til 2008 ein reduksjon i utslepp av klimagassar i Hordaland, både frå industri, biltrafikk og andre kjelder. Dette skuldast i stor grad finanskrisen.

Samanliknbare tal for 2009 er ikkje tilgjengelege enno. Om vi held kollektivtrafikken utanom viser fylkeskommunen sine eigne tal derimot ein auke i utslepp frå fylkeskommunen si verksemd i 2009. Lågare forbruk av drivstoff i kollektivtrafikken står for ein vesentleg reduksjon i utsleppa herifrå, mens anna verksemd i fylkeskommunen har hatt ein auke i klimagassutsleppa. CO2-utsleppa frå fly- og bilreiser auka med høvesvis 2% og 2,2%, mens CO2-utslepp frå fyringsolje auka med 10,3%. Den samla energibruken i fylkeskommunale bygg har auka med 2,8%, og dei samla

CO2-utsleppa frå fylkeskommunal verksemd utanom kollektivtrafikk auka med 6,1% (92 tonn CO2). Utsleppa frå kollektivtrafikken vart redusert med 3,7% (1 874 tonn CO2).

Miljørapport Hordaland fylkeskommune 2009 (pdf)

 Denne rapporten og anna informasjon om Hordaland fylkeskommune sitt miljøarbeid er tilgjengeleg på http://www.hordaland.no/miljo

Sjå også: Årsmelding for Hordaland fylkeskommune 2009 (pdf)

Per Svae 01.07.2010 09:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart