Miljøprisen vart delt ut under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen i dag, 12. oktober 2010. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, stod for utdelinga.

Vinnarane av miljøprisen, Sven-Helge Pedersen (t.v.) og Frode Otto Strønen, saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar for kultur- og ressursutvalet – Helge Andre Njåstad (heilt til høgre).
Sven-Helge Pedersen
i Granvin får prisen for den årelange innsatsen sin for villaksen i Hardanger og for etablering av det årlege Hardangerfjordseminaret der næring, forsking, forvalting og miljøinteresser diskuterer forvalting av villaks og havbruk.
Frode Otto Strønen
i Jondal er tildelt prisen for arbeidet sitt med å sikra rein og trygg mat frå Hardangerfjorden og ein berekraftig balanse mellom villaks og oppdrettslaks.
Prisvinnarane vart heidra med diplom og kvar sin halvpart av prispengane på 50 000 kr (dvs. 25 000 kr til kvar).
Ambassadørar
– De er viktige ambassadørar for miljøet, og vi vonar prisen og prispengane gjev inspirasjon til å halda fram med det gode arbeidet, sa utvalsleiar Njåstad ved tildelinga.
Sidan 1992
Hordaland fylkeskommune har kvart år sidan 1992 delt ut ein eigen miljøpris. Miljøprisen vert tildelt ein eller fleire som har gjort ein særmerkt innsats for miljøet i det føregåande året. Det er Kultur- og ressursutvalet i fylkeskommunen som peikar ut prisvinnaren mellom dei føreslegne kandidatane.
Heider
– Miljøutfordringane er ikkje vortne mindre i dei åra vi har hatt miljøprisen. For dei som får prisen er det ei høgt verdsett oppmuntring til å stå på vidare. Også det å vera føreslegen som kandidat er ein heider i seg sjølv, og viser at andre har sett det viktige arbeidet som er gjort, sa utvalsleiar Helge Andre Njåstad ved utdelinga.
Påminning
– Men sjølv om eldsjeler kan få gjort mykje bra, er noko av det viktigaste med pristildelinga at vi alle vert minna om dei ulike miljøutfordringane, og at vi sjølve blir inspirert til å gjera gode miljøval i kvardagen, påpeika Njåstad.