Kommuneplankonferansen blir miljøvenleg

Når plankonferansen går av stabelen 1. og 2. november skal konferansen vera miljøfyrtårnsertifisert. Her kan du lesa korleis det påverkar deltakarane.

Fylkeskommunen arbeider med å få kommuneplankonferansen miljøfyrtårnsertifisert. For å bli sertifisert må konferansen oppfylle definerte krav, som mellom anna går ut på kva slags mat som blir servert, kva transport det er lagt opp til, energibruk, bruk av papir og tilrettelegging for søppelgjenvinning.

Mindre papir

Møtemapper i glansa papir er bannlyst. Alt av papir, bortsett frå program og deltakarliste, blir formidla på nett eller munnleg. Aktuelle brosjyrar kan dei som er interesserte plukke med seg frå brosjyrebordet. Foredrag og referat blir lagt ut på nett i etterkant..

Kjeldesortering

Alt som kan brukast på nytt, blir brukt på nytt. Det blir derfor lagt til rette for kjeldesortering på konferansen. I tillegg er det lagt opp til gjenbruk av namneskilt, slik at deltakarane må levere inn namnelappen når konferansen er avslutta.

Reis og bu miljøvenleg!

Hordaland fylkeskommune oppmodar alle deltakarar og innleiarar om å reise kollektivt. Rutetider finn ein på www.skyss.no og www.nsb.no.

Fylkeskommunen har også rabattavtaler med dei miljøsertifiserte hotella Hotell Augustin http://www.augustin.no/, Grand Terminus http://www.ght.no/ og Hotell Norge.


Meir om miljøsertifisering i Hordaland fylkeskommune

Oppslag med informasjon om konferansen og lenke til program

 

 

 

Signe Vinje 19.10.2010 16:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart