Første elbil-taxi i Bergen

No kan du ringe 05501 og bestille el-taxi. Tilbodet vart høgtideleg opna av fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.

Fylkesordføraren opna el-taxi tilbodet til Taxi1
15. november kl 16 på taxihaldeplassen på Bradbenken skjedde den høgtidelege opninga av el-taxi tilbodet i Bergen.


Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen med den fyrste el-drosja i Bergen (foto: Per Svae)

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen sto for den høgtidelege snorklippinga og avdukinga av den fyrste el-taxien i Bergen. Overgang frå fossilbilar til elbilar er ein strategi i klimaplan for Hordaland. Fylkesordføraren synast difor at det er særs hyggeleg at taxinæringa går føre med eit godt eksempel.

Bergen fyrst med 5-seters el-taxi i Noreg
Elbilen Nissan Leaf er nett komen på marknaden. Nissan fortel at dei allereie har selt 90 stykk av dei i Bergen sidan salet starta i oktober. Ein av desse er altså den fyrste el-taxien i Bergen som Taxi1 har skaffa. Grøn og fin var han, so han vil lyse godt opp i bybiletet. Bilen er ein vanleg 5-seters bil av mellomklasse størrelse. Bagasjerommet er litt mindre enn vanleg på grunn av batteria, men har plass til to store koffertar og litt meir.

El-taxi kan raskt verte vanleg i Bergen
Eltaxi er bra både for klima og byluft. I tillegg er ho bra for lommeboka til drosjeeigaren. Det er slik at jo lenger du køyrer kvart år, desto meir lønsam vert ein elbil samanlikna med ein fossilbil. Ein elbil treng omlag 2 kWh straum per mil. Drivstoffkostnaden vert altså under ein krone mila med noverande straumprisar. Dette samanlikna med opp mot 10 kronar per mil for fossilbilar. I tillegg er det ikkje bompengar for elbilar. Difor skal det skal ikkje overraske oss om Nissan Leaf el-taxi vil verte like vanleg i Bergen i åra som kjem, som Toyota Prius har vorte det siste året. 

Hordaland i front med utbygging av elbil infrastruktur
I 2010 vart det bygd vanlege ladepunkt for elbilar for 2,3 mill. kroner i Hordaland. Før 15. mars 2012 skal Hordaland fylkeskommune i samarbeid med BKK, Bergen kommune og SKL og private aktørar ha ferdig fem hurtigladepunkt i Bergen og omegn. Ladepunkta  kjem på Fjøsanger, Haljem ferjekai, Leirvik, Dale og Knarvik. I tillegg er det eit hurtigladepunkt i drift hjå Nissan i Åsane. 

Fylkeskommunen har i haust koordinert eit arbeid som har resultert i at det er søkt Transnova om hurtigladepunkt også på Aksdal ved Haugesund, Oppedal ferjekai i Sogn og på Voss. Vert dette løyvd er "El 39" klar for køyring med elbil frå Stavanger til Sognefjorden, og "El 16" er klar for køyring frå Bergen til Voss. Med dette vil Hordaland vere heilt i front i Noreg og Europa i utbygging av infrastruktur for elbilar.

Hurtiglading av elbil - Berre 15 min stopp kvar tiande mil
Med hurtiglading av elbil treng moderne elbilar berre 15 minutt stopp kvar tiande mil til hurtiglading, beinstrekk og kanskje ein kopp kaffi. Med hurtiglading kan ein taxi køyre heile dagen. Og man kan dra på langtur med elbil når infrastrukturen er ferdig utbygd.

Per Svae 16.11.2011 12:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart