2. samling i klimanettverk Hordaland

Samlinga var i Bergen 27. september 2011. Fokus: Korleis få energi- og klimaplanar frå skuff til handling, frå ord til resultat. Særskilt tema: Miljøsertifisering.

evaluering av samlinga


 

Foredrag og andre dokument som kan lastast ned



Referat frå samtalar i plenum og grupper


Utfordringa
Utfordringa er å få energi- og klimaplanane frå skuff til gjennomføring, frå ord til resultat. I dei fleste kommunane har sakshandsamarar mange andre saksfelt og har i ikkje nok tid til å ta tak i og drive klimaarbeidet aktivt. Mange nemnde difor at det er ynskjeleg med samarbeid for å få pådriv i arbeidet med å gjennomføre energi- og klimaplanane.

 

Korleis organisere samarbeid om energi og klimaplanar?

  • Østfold fylkeskommune presenterte sin modell for eit forpliktande samarbeid om energi- og klimaplanane organisert med formelle organ og som eit økonomisk spleiselag mellom kommunane og fylkeskommunen.

  • Alle innlegg gjekk i retning av at ein i Hordaland går meir uformelt fram og organiserer samarbeid om tema som rørar alle og difor er egna for samarbeid, utan fyrst å lage ein formell organisering som omfattar alt slik som i Østfold.

  • Ein aktuell modell kan vere frikjøp i ein kommune, t.d. 20 %. Dette er til ein person som kan vere pådrivar og koordinator for kommunane i eit regionråd og hjelpe til med å organisere praktiske tiltak.

  • Det vart sagt at kommunane ifølge KS berre kan gjere noko med 20 % av klimagassutsleppa. Det er viktig å konsentrere seg om det ein kan gjere noko med.

  • Samarbeidet bør vere konkrét og effektivt!

Kontaktperson klimaplan Hordaland og organisering av samarbeid generelt: Gudrun Mathisen, e-post: gudrun.mathisen@post.hfk.no. Tlf. 55 23 92 96. 

Nettside med informasjon om kva kommunane er gode på
Ei gruppe meinte at det bør vere ei nettside for samhandling. Her bør ein utarbeide ein oversikt, matrise, med tydelege kontaktpersonar som arbeider med ulike tema. Då veit ein kven ein kan kontakte for å dra nytte av andres erfaringar. Eit døme kan vere kontaktperson i kvar kommune, samt viktige arbeidsområde. Nytta av dette vart illustrert gjennom gruppearbeidet der kontaktar vart knytt og informasjon vil verte utveksla etter møtet.

Aktuelle samarbeidstema

Tema som vart nemnd og som er felles for alle og difor kan vere egne for samarbeid:

  • Miljøsertifisering
  • Bygningar
  • Transport
  • Avfall
  • Jordbruk
  • Innkjøp og miljø

Samarbeid om miljøsertifisering

Denne nettverkssamlinga hadde særskild fokus på miljøsertifisering. Ut frå samtalane var det fem samarbeidsprosjekt som peika seg ut:

  • Fylkeskommunen som pådrivar for einingar i ein kommune. Kommunen organiserer møte for ein type einingar, t.d. alle skular. Fylkeskommunen har motiverande og informerande foredrag. Fylkeskommunen kan ev også vere den som kontaktar einingane kvart halvår for å halde pådrivet oppe, noko som har vore vellukka internt i fylkeskommunen. Her er samarbeid med Voss kommune aktuelt som pilotprosjekt. Andre kommunar kan også melde sin interesse

  • Spreie Hardangerrådet sin modell for miljøfyrtårnsamarbeid til andre regionråd. Her er Regionrådet Nordhordland pilotprosjekt. Andre regionråd er velkomne til å gjere det same.

  • Samarbeid mellom fylkeskommunen og Hardangerrådet for å utvikle miljøfyrtårnsamarbeidet til å verte eit proaktivt samarbeid for å få kommunale einingar og lokalt næringsliv miljøsertifisert. Dette vert då ein modell for andre regionråd/kommunar.

  • At fylkeskommunen får etablert rammeavtalar med miljøfyrtårnkonsulentar som kommunar og private kan nytte seg av om dei vil.

  • Samarbeid om sertifisering av rådhusa i Hordaland med fylkeskommunen som pådrivar og kompetansesenter. Miljøsertifisering bør gjerast ovanfrå og ned fordi sentraladministrasjonen må oppfylle mange krav på vegne av dei ytre einange og kan legge til rette så det vert enklare for ytre einingar. Slik har Bergen kommune og fylkeskommunen gjort det.

Ei gruppe meinte at HFK bør ha rolla som katalysator.

Kontaktperson miljøsertifisering: Per H. Svae, e-post: per.svae@post.hfk.no. Tlf. 55 23 93 83. 

Samarbeid om transport
Ei gruppe fokuserte på samarbeid om tema transport:

Mobilitetsrådgjeving, spontan samkøyring

  • Korleis få til kameratkøyring. Korleis dele på kostnadene ved samkøyring. Det må vere mykje å hente på felles køyring både i Sund kommune og i Askøy kommune.
  • Spisse mobilitetstiltaket i handlingsplanen til Hordaland til å omhandle samkøyring i bil.

 Korleis betre kollektivtilbodet i fylket?

 ”Park & Ride”

  • Vanskeleg å planlegge gode kollektivtilbod til ein spredt busetting. ”Park & ride” sett som eit nyttig tiltak.
  • Eks. Knutepunktet ”Park & Ride” på Kolltveit var planlagt for reisande frå Sund, Fjell og Øygarden. Diverre ikkje vedtatt.
  • Forslag om at all offentleg parkering må være gratis i høve ”Park & Ride” tiltaket.
  • HFK har etablert ”park & ride” ved bybanestasjonane, inkl. i billettkostnadene.
  • Sund kommune har ”park & ride” i sin energi- og klimaplan.

Felles skysskort for kollektivtransport i Hordaland

  • Forslag om kollektivbillett som gjeld for all kollektivtransport i fylket.
  • Fri parkering som del av togbilletten.

 Ei anna gruppe hadde desse momenta for tema transport:

  • Kollektivsatsing – regionane bør snakke saman. Viktig med samarbeid over kommunegrensene.
  • Kollektivtransport. Særleg rutetilbod, frekvens, billettsystem, færre bytter, osv.
  • Få Skyss skikkeleg på banen i klimaplanarbeidet
  • Sykkel
  • Hamneavgift for trailere.

Kontaktperson transport: Magnar Bjerga, e-post:  magnar.bjerga@post.hfk.no. Tlf. 55 23 93 22.   

Samarbeid om tema bygningar

Ei gruppe hadde desse forslaga:

  • Energieffektivisering av bygg – bistand til utvikling av søknader til ENOVA, og kan hende prioritering av slike.
  • Kunnskap om tilgjengeleg teknologi/løysingar – arrangere ”demoseminar”

Kontaktperson bygningar: Karen L. Nybø, e-post: kany@post.hfk.no. Tlf. 55 23 93 18.

 

Per Svae 06.10.2011 18:28
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart