Klimaplan for Hordaland - oppstart

Fylkestinget har bestilt ein komplett og heilskapleg klimapolitisk handlingsplan for Hordaland. Arbeidsopplegget for klimaplanen skal handsamast i dei politiske utvala.

Utfordringane er store: Hordaland har dei største utsleppa av klimagassar i Norge, og Mongstad har landets største punktutslepp av CO2. Utsleppa har auka meir her enn i andre regionar, og vil framleis gjere det, på grunn av vegutbyggingar og vidare utbygging på Mongstad fram til fullskala CO2-handtering er på plass.

Klimaendringane gir 2 hovudutfordringar:

A Reduksjon av klimagassutslepp, med vekt på endra energiproduksjon og –forbruk.

B Tilpassing til endra klima, med vekt på endra rammer for utbygging m.m. 

Klimaplanen får status som ein fylkesdelplan og skal vere regionen sitt politiske verkemiddel for handling, og vonleg også eit hjelpemiddel for kommunane i deira klimasatsing.

Oppstart av planarbeidet vart vedteke i Fylkesutvalet 13. mars. Endeleg vedtak skal gjerast av Fylkestinget i juni.

Mellom dokumenta som gir grunnlag for arbeidet med klimaplanen er:

Fylkesdelplan energi (2002) (pdf) som omhandlar stasjonær energi.

Rapporten ”Klimagassreduserende tiltak i transportsektoren” (pdf) er resultat av den politiske bestillinga ”Hordaland bensin- og dieselfri 2020” (Fylkesutvalet 28.mars 2007). 

25.02.2008 13:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart