No føreligg den endelege versjonen av Klimaplan for Hordaland 2010-2020 som vart vedteken av Fylkestinget 8. juni 2010. Handlingsprogrammet står no for tur.
Fylkestinget vedtok ein del endringar i planframlegget og den endelege versjonen føreligg derfor først no.
Klimaplanen vert konkretisert i eit handlingsprogram for 2010-2011, som er til politisk handsaming i september/oktober 2010. Sjå saksframstilling og saksdokument på http://polsak.ivest.no/.
Klimaplanen er inndelt i følgjande kapittel:
Samandrag
1 Innleiing
2 Visjon og mål
3 Klimaendringar og klimagassutslepp
4 Samarbeid og verkemidlar
5 Energi
6 Forbruk og avfall
7 Bygningar
8 Arealbruk og transport
9 Næringsliv
10 Teknologi og klimautfordringar
11 Klimatilpassing
Klikk her for å laste ned dokumentet.
Sjå nyheitsoppslag om vedtaket i Fylkestinget