Miljørapport for Hordaland fylkeskommune 2007

Miljørapporten for 2007 har hovudfokus på problematikken rundt utslepp av klimagassar. Miljørapporten viser m.a. at medan utsleppa knytt til oppvarming av fylkeskommunale bygg har gått ned, har utsleppa frå fylkeskommunal reiseverksemd med bil og fly auka

Klimagassutsleppa frå dei delane av fylkeskommunal verksemd som det er tilgjengeleg data for, ligg på rundt 40 mill. kg CO2 årleg. Mesteparten av dette  skriv seg frå kollektivtrafikk med buss.

Dette går fram av klimarapporten i Hordaland fylkeskommune si årsmelding for 2007, der miljørapporten er eit nytt avsnitt:

Hordaland fylkeskommune årsmelding 2007 (klimarapport: s. 38).

Det er dessutan laga ein eigen klimarapport som inneheld meir detaljerte tal frå klimarapporteringa og utfyllande informasjon:

Miljørapport Hordaland fylkeskommune 2007 (pdf).

Det vert arbeidd med å innføre rutinar som gjer det mogleg å få fram fleire, meir detaljerte og meir korrekte data til miljørapportering for seinare år.

 

16.05.2008 10:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart