Miljøprisen 2007 til «Hardingar for sjøkabel»

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris for 2007 er tildelt «Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkabel». Folkeaksjonen får prisen for å ha skapt eit stort folkeleg, fagleg og tverrpolitisk engasjement for ny kraftlinepolitikk i Noreg som te

Miljøprisvinnarane «Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkalbel» saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v.) og leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad (t.h.). Prisvinnaren var representert ved styremedlem Leiv Sandven (nr. 2 frå venstre), Mona Hellesnes (ordførar i Ulvik), Jan Ivar Rødland (ordførar i Granvin) og Klaus Rasmussen (dagleg leiar i folkeaksjonen).
Miljøprisvinnarane «Folkeaksjonen i Hardanger for kraftoverføring med sjøkabel» saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (t.v.) og leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad (t.h.). Prisvinnaren var representert ved styremedlem Leiv Sandven (nr. 2 frå venstre), Mona Hellesnes (ordførar i Ulvik), Jan Ivar Rødland (ordførar i Granvin) og Klaus Rasmussen (dagleg leiar i folkeaksjonen).

Prisen som er på kr 35 000 vart utdelt under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen onsdag 15. oktober. Leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, stod for utdelinga.

Prisen vart teken imot av ordførar Jan Ivar Rødland i Granvin, ordførar Mona Hellesnes og dagleg leiar for folkeaksjonen Klaus Rasmussen.

Statnett sine planar om ny 420kV luftline frå Sima til Samnanger med store kraftmaster, fjordspenn og kraftgate fekk sindige hardingar til å reagera i 2005. Planane har ført til eit stort engasjement for kabling i sjø og på land for å unngå store landskapsinngrep i Hardanger, men Folkeaksjonen har også eit breiare fokus ein eige nærmiljø i arbeidet sitt, sa Njåstad ved prisutdelinga.

Kreativ og sakleg
Folkeaksjonen har fått fram viktig sakskunnskap og informasjon om dagens kraftlinepolitikk og har reist ein viktig debatt som i dag vedkjem mange lokalsamfunn i heile Noreg. Med fagleg tyngde og kreative innfallsvinklar har folkeaksjonen skapt grunnlag for ein ryddig og sakleg debatt om eksisterande kraftlinepolitikk med eit breitt politisk, fagleg og folkeleg engasjement, sa leiaren i kultur- og ressursutvalet.

Reiseliv og natur
Utvalsleiar Njåstad trekte fram at reiselivet er ein viktig næring i Noreg, og dei kvalitetane som Hardanger har med fjord, fjell, fonn og vakkert kulturlandskap er viktige attraksjonar som trekkjer til seg besøkjande frå heile verda.
 – Folkeaksjonen har på ein god måte fått fram at samspelet mellom kulturlandskap og urørt, vakker natur er ein ressurs som må takast vare på, både for folk som bur her i dag, for tilreisande og for våre etterkomarane våre, sa Njåstad.

Ikkje avgjort
Og han heldt fram: – Sjølv om NVE i år gav Statnett konsesjon til luftline i Hardanger, er ikkje kampen om kraftlina i avgjort. Saka er som kjend anka til departementet, og i tida framover er det meir enn nokon gong trong for folkeaksjonen sin innsats.

Hordaland fylkeskommune sin miljøpris har vore delt ut kvart år sidan 1992. I år vart prisen delt ut for 17. gong. Det kom i år inn forslag på fire kandidatar til prisen.

Oversikt over tidlegare miljøprisvinnarar

Stanley Hauge 15.10.2008 13:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart