Tre års plan for miljøsertifisering - Vedtatt hausten 2009

Alle einingane i fylkeskommunen skal miljøsertifiserast innan utgangen av 2012

Fylkestingsvedtak
Fylkestinget vedtok 14.10.2008 (jf. arkivsak 200800584-14): ”Det skal arbeidast for å få til miljøsertifisering av institusjonane/einingane i fylkeskommunen.

Arbeidet hittil

  • Våren 2009 drøfta ein forma på arbeidet og lyste ut stilling som koordinator for prosjektet. Per Svae er tilsett som koordinator i to års engasjement i 100 % stilling frå 14.8.2009.
  • Ei  koordineringsgruppe for miljøsertifisering med deltakarar frå alle avdelingar er oppretta og har hatt to møte. Gruppa har gjennom desse møta laga framlegget til plan for gjennomføringa av miljøsertifiseringa. Planen for opplæringsavdelinga og tannhelseavdelinga sine einingar og for Skyss har vorte behandla av leiargruppene i desse avdelingane/einingane.
  • Koordineringsgruppe: Karina Størksen (fylkesrådm.), Gudrun Mathisen og Per Svae (Strategi- og næring), Berit Roksvåg og Ingvill Nordås Hildal (Opplæring), Anne Høgestøl og Arne Åsan (Tannhelse), Øivind Rune Bjørkås og Rannveig Nordhagen (Kultur og idrett), Bjørn Inge Midtgård (Samferdsel), Bente Pedersen (Skyss), Eivind Moe (Eigedom), Kristian Osen Fagertun (Innkjøp), Ruth Brudvik og Bjørn Atle Mikkelsen (HMT), Astrid Haugland (hovudverneombod).

Mandat for koordineringsgruppa og arbeidet

  • Koordineringsgruppa for miljøsertifisering er eit rådgjevande og koordinerande forum.
  • Koordinator for miljøsertifisering leiar gruppa og er sekretær for den.
  • Ansvaret for sjølve gjennomføringa av miljøsertifisering ligg i ordinær line i organisasjonen.
  • Målet for arbeidet er at alle einingar i fylkeskommunen skal miljøsertifiserast.
  • Det skal og arbeidast aktivt overfor kommunane i fylket for å få dei med i Miljøfyrtårnordninga.

 Strategi for gjennomføringa

  • Målet er at alle einingar skal vere miljøfyrtårnsertifiserte innan utgangen av 2012 (innan 3 år). For skolar som ikkje kan verte miljøfyrtårnsertifisert pga. manglande helseverngodkjenning er målet Grønt Flagg sertifisering.
  • Miljøsertifiseringa vert gjennomført som ein ovanifrå og ned strategi der ein startar med forpliktande vedtak i toppleiargruppa og deretter i dei enkelte avdelingane. I den grad det er naudsynt vil ein også ta saka opp i relevante politiske utval.
  • Ein startar med miljøsertifisering av Fylkeshuset. Fylkeshuset sertifiserast som ei eining med ein miljøansvarleg og ei miljøgruppe i samsvar med reglane for miljøfyrtårnsertifisering.
  • Ein er open for at lokale einingar kan starte arbeidet med ein gong dersom dei ynskjer det.
  • Alle nye einingar skal etablerast med tanke på miljøfyrtårnsertifisering og byrje arbeidet med sertifisering av drifta med ein gong.
  • Einingane kan nytte interne og/eller eksterne konsulentar, men bør fyrst undersøkje om nokon internt kan vere aktuelle og eigna som konsulentar. Interne konsulentar må først på to dagars kurs hjå Stiftelsen Miljøfyrtårn.  Oppdrag som ekstern konsulent må lysast ut på anbod.

Organisering av gjennomføringa

  • Fylkeshuset

Mål: Fylkeshuset skal vere miljøfyrtårnsertifisert innan sumaren 2010.

Gjennomføring:
Ved miljøfyrtårnsertifisering skal det vere ein miljøansvarleg og opprettast ei miljøgruppe med medlem med visse funksjonar/ansvar. Miljøansvarleg:  Bjørn-Atle Mikkelsen (HMT, seniorrådgjevar) Miljøkonsulent: Per Svae (Klima- og naturressursseksjonen, koordinator for miljøsertifisering. I tillegg må det peikast ut ein miljøansvarleg kontaktperson på kvar avdeling/seksjon/verneområde.

  • Skular og OT/PPT

Mål:
Alle vidaregåande skuler i fylket skal vere miljøsertifisert innan utgangen av 2012 (innan 3 år). 
For skuler med helseverngodkjenning er målet Miljøfyrtårn sertifisering.  
For dei andre skulane er målet Grønt Flagg sertifisering.

Gjennomføring:

  • 2010: Skular som ynskjer det startar opp arbeidet med miljøsertifisering. Dei vel sjølv sertifiseringsordning (Miljøfyrtårn eller Grønt flagg), med atterhald om at berre skular med helseverngodkjenning innan 2010 kan arbeide for miljøfyrtårnsertifisering.
  • 2011: Alle skular bør komme i gang med sertifiseringsarbeidet. I samarbeid med opplæringsavdelinga arbeider koordinator for miljøsertifisering aktivt med å motivere og hjelpe alle skular i gang med den miljøsertifiseringa som er aktuell for dei, slik målet er oppgitt.
  • 2012: Alle skular skal vere i gang med sertifiseringsarbeidet som er aktuelt for dei og fullføre arbeidet innan utgangen av 2012.

 

  • Tannhelseklinikkar

Mål: Innan utgangen av 2012 skal alle tannhelseklinikkane vere miljøfyrtårnsertifiserte.

Gjennomføring: Minst eit klinikkområde i kvart av dei fem tannhelsedistrikta startar opp arbeidet i 2010. Frå 2010 arbeider ein også med eit og eit temaområde (t.d. avfall) overfor alle klinikkane.

  • Skyss

Mål: Skyss tek sikte på miljøfyrtårnsertifisering av eigne einingar. Skyss oppmoder operatørane til å bli miljøfyrtårnsertifisert og vil kanskje etter kvart krevje at dei er det.

Gjennomføring: Skyss innarbeider med ein gong miljøfyrtårnkrav i nye anbod som vert lyst ut. Ein startar med sertifisering av administrasjonsselskapet.

Intern informasjon
Etter vedtak av planen i toppleiargruppa går ein ut med informasjon om prosjektet i samarbeid med informasjonsavdelinga.

Meir informasjon om planen og arbeidet
Kontakt koordinator for miljøsertifisering, Per Svae.
Tlf. 55 23 93 83. E-post: per.svae@post.hfk.no

Tilbake til Miljøsertifisering - Hovudside  

Per Svae 26.05.2010 13:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart