Informasjonsside for miljøansvarlege ved einingane
Felles dokumentasjon av miljøfyrtårnkrav .
På denne sida finn du dokumentasjon av miljøfyrtårnkrav som fylkesadministrasjonen syt for at vert oppfylt for eininga. I miljøanalysen viser ein til dokumentasjonen på denne sida.
Lenkje til felles dokumentasjon av miljøfyrtårnkrav
Rettleiinger, instruksar og rutiner På desse HMT-sidene finn du informasjon om miljøstyring og -rapportering og korleis dette bør integrerast i dei årlege HMT-rutinane - Etter at eininga er miljøsertifisert.
Lenkje til rettleiinger, instruksar og rutiner.
Kvifor miljøsertifisering?
Fylkestinget vedtok 14.10.2008 (jf. sak 54/08): ”Det skal arbeidast for å få til miljøsertifisering av institusjonane/einingane i fylkeskommunen.”
For fylkeskommunen er miljøsertifisering eit viktig og nyttig verkty i miljø- og klimapolitikken og i næringspolitikken. Hensikta å heve miljøprestasjonen så det monnar og at ein gjennom sertifikat og logo kan nytte dette som ein del av eit positivt omdømme.
Hausten 2009 var det laga ein tre års plan for miljøsertifisering av alle einingane i fylkeskommunen.
Kva er miljøsertifisering?
Miljøsertifisering er at ei verksemd gjennomførar ein miljøanalyse og utarbeidar ein handlingsplan for å innfri krava i ein sertifiseringsordning. Når det er verifisert at krava er oppfylde, vil verksemda få utstedt eit miljøsertifikat.
Fylkeskommunen nyttar desse miljøsertifiseringsordningane:
Klikk på linkane for meir informasjon.
Miljøfyrtårn – Miljøsertifisering av fylkeshuset, tannklinikkar, OT/PPT, skular med helseverngodkjenning med fleire.
Einingar som skal miljøfyrtårnsertifiserast, får ein ekstern miljøfyrtårnkonsulent som hjelp i prosessen. Meir informasjon nedanfor.
Grønt Flagg – Miljøpedagogisk sertifisering av skolar utan helseverngodkjenning.
Det er likevel mogleg og ynskjeleg at også skular utan helseverngodkjenning gjer "ein full miljøfyrtårnprosess". Det vil seie at dei innfører Miljøfyrtårn sitt miljøstyrings- og rapporteringssystem og oppfyller så mange av miljøfyrtårnkrava som mogleg. Dette gjer at skulen får ekstern miljøfyrtårnkonsulent som hjelp i prosessen.
ISO 14001 – Krevjande sertifiseringsordning mest egna for større verksemder og spesialetatar. Kan vere aktuelt for t.d. Skyss og Bybanen.
Ei oversikt over alle miljøsertifiseringsordningar i Noreg får du her.
Kva er miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er ei norsk sertifiseringsordning som passar for dei fleste verksemder i fylkeskommunen. For å sertifiserast som Miljøfyrtårn må verksemda saman med ein godkjend miljøfyrtårnkonsulent gå gjennom ein miljøanalyse og deretter oppfylle definerte bransjekrav. Les meir om sertifiseringsordninga på www.miljofyrtarn.no.
Miljøfyrtårn sine bransjekrav tek for seg ulike miljøtema: 
- Internkontroll HMS
- Arbeidsmiljø
- Innkjøp og materialbruk
- Energibruk
- Transport
- Avfalls- og utslippshandtering
- Miljøstyring og miljørapportering
Den enkelte verksemda finn i samarbeid med ein miljøkonsulent fram til løysningar og blir einige om tiltak. Alle tilsette bør vera med i miljøfyrtårnarbeidet for å få eit godt resultat. Når verksemda har oppfylt bransjekrava og laga ein miljørapport, vil ein offentleg sertifisør godkjenne verksemda som då får eit sertifikat og kan nytte ein logo. Sertifikatet er gyldig i 3 år.
Meir informasjon, foredrag eller hjelp til å kome i gang?
Koordinator for miljøsertifisering Per Svae kan komme til di eining og halde ei orientering om miljøutfordringane, miljøarbeid og miljøsertifisering. Han kan også hjelpe til med å få sertifiseringsprosessen i gang i di eining.
Spørsmål - kontakt Per Svae, tlf 55 23 93 83. E-post: per.svae@post.hfk.no