Miljøsertifisering

Kva er miljøsertifisering?
Klikk her for å få ei orientering om kva miljøsertifisering er, og om dei ulike ordningane som kan nyttast i Noreg. Sida inneheld linkar til nettsidar med meir informasjon om dei einskilde ordningane.

Meir informasjon? Sjå foredrag via nettet!
Klikk her for å kome til ei informasjonsside med foredrag om miljøsertifisering, miljø og klima.

Miljøfyrtårn
Miljøfyrtårner ei norsk miljøsertifiseringsordning for små- og mellomstore verksemder. Dette er ordninga som passar for dei fleste verksemder. Ein har erfart at miljøfyrtårnverksemder har lågare sykefråvær og kjeldesorterer meir avfall enn tilsvarande verksemder. I tillegg har dei redusert energiforbruket etter at dei vart miljøfyrtårnverksemder.

Miljømerking og miljøsertifisering er tiltak i klimaplan for Hordaland
Hordaland fylkeskommune ynskjer å medverke til at fleire verksemder i fylket vert miljøfyrtårnsertifisert, både private og kommuale. Satsing på miljøsertifisering er ein viktig del av klimaplan for Hordaland. I klimaplanen Kapittel 5 side 37 - 44 kan du lese meir om dette. I handlingsprogrammet til klimaplan for hordaland side 6 - 9 er tiltaka når det gjeld miljøsertifisering og miljømerking lista opp. 

Næringsdrivane må rekne med at miljømerking og miljøsertifisering i aukande grad vil vere ei viktig konkurranseføremon og etter kvart også eit kvalifikasjonskrav ved offentlege anbod.
Klikk her for å lese om miljøfyrtårndag og satsinga på miljøsertifisering i Hordaland
- Klikk her for å lese artikkelen "Eksplosjon av miljøbedrifter" på BT.no

Tre års plan for miljøsertifisering av Hordaland Fylkeskommune
Fylkestinget vedtok hausten 2008 at einingane i fylkeskommunen skal miljøsertifiserast. Hausten 2009 vart det vedteken ein 3 års plan for miljøsertifisering av fylkeshuset, dei vidaregåande skulane og tannklinikkane i Hordaland. Det er tilsett ein koordinator for miljøsertifisering som er pådrivar og koordinator for dette arbeidet.
Klikk her for å lese tre års planen for miljøsertifisering av Hordaland fylkeskommune. 

Hausten 2010 er desse einingane miljøsertifisert:

Fylkeshuset i Hordaland og dei fleste tannklinikkane i fylket arbeidar for tida med å verte miljøfyrtårnsertifisert. 9 vidaregåande skular er i gong med miljøsertifisering, nokon med sikte på Miljøfyrtårn sertifisering, andre med sikte på Grønt flagg sertifisering. 24 vidaregåande skular byrjar prosessen med miljøsertifisering januar 2011, slik at då vil 2/3 av dei vg. skulane vere i gong med miljøsertifisering. 

Spørsmål kan rettast til:
Koordinator for miljøsertifisering, Per Svae.
Telefon 55 23 93 83.
E-post: per.svae@post.hfk.no 

Per Svae 01.06.2010 08:30
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart