Interessa for og fokuset på denne typen ferietilbod er aukande, seier prosjektleiar Heidi Skramstad frå Høgskolen i Bergen (HIB). I prosjektet er det HIB si oppgåve å utvikle eit nettverk som kan samarbeide om å bidra til å setje kunnskap om helseturisme i system og avdekkje behov for ny kunnskap om helseturisme.
Til venstre: Kan padling i Hordalandsskjergarden bli eit helsetilbod?
Deltakarar
Det er Høgskolen i Bergen som har ansvar for å leie prosjektet. Ellers er regionen Vestlandet (Hordaland og Sogn og Fjordane) representert med Hagahaugen Rehabiliteringssenter AS, Hordaland Reiseliv, Idrettssenteret AS i Sogndal, Vossafjell AS og Hordaland fylkeskommune (Lokalsamfunnsutvikling). Dei norske samarbeidspartnarane har si erfaring innan reiseliv samt idrett, friluftsliv og rehabilitering.
Thüringen i Tyskland deltek med Thüringer Turismus GmbH, Industrie – und Handelskammer Erfurt (IHK), Thüringer Hotel- und Gaststättenverband og Erfurter Gastro Berufsbildungswerk. Samarbeidspartnarane frå Thüringen har blant anna lang erfaring i å tilby turistar gastronomiske opplevingar og samstundes halde fokus på ernæring og helse.
Dei ulike erfaringane til partnarane er viktige for utviklinga av prosjektet og er med på å utfylle og stimulere det vidare arbeidet.
Rehabilitering og ernæring
Prosjektet har ei tidsramme på eitt år og har fått namnet ”Tourheal” (Tourism and Health Project). Førebels er helseturisme opent definert og omfattar alt frå ulike former for fysisk aktivitet og rehabilitering til ernæring, førebygging og velvære. Innan året er gått voner vi omgrepet er meir avgrensa og tydelegare, både når det gjeld innhald og kvalitet.
Austerrike har lange tradisjonar med å tilby helseferiar. Ein av aktivitetane i prosjektet er derfor ein studietur til Austerrike. Målet med studieturen er å gi deltakarane inspirasjon og idear til korleis denne typen feriar kan utviklast vidare i Noreg og Tyskland.
Les meir på prosjektsida til HIB: www.hib.no/aktuelt/nyheter/2006/02/helseturisme.asp
Meir om fylkeskommunen si reiselivssatsing