Regelverket omfattar driftsstøtte, investeringsstøtte og ei ny og utvida støtteordning for etablerarar i regionane som framleis vil få investeringsstøtte.
Kommisjonen/ESA har høve til å godkjenne støtte som har som siktemål å fremje økonomisk utvikling i eit område som kjem ufordelaktig ut samanlikna med landet som heilskap.
Ei hovudmålsetjing med det nye EU-regelverket er å stramme inn dei geografiske områda for regional støtte. Ei streng fortolking kan gjere at heile Hordaland fell ut av regionalstøtte- områda.
Det er brei politisk semje om å arbeide for gjeninnføring av differensiert arbeidsgjevaravgift og regjeringa meiner dette er mogleg å få dette til også for delar av Sør-Noreg.
FUV 220206: Saksutgreiing, vedtak og vedlegg.
Nedanfor følgjer eit kort samandrag av hovudpunkt i utgreiinga (pdf) som var vedlegg til saka:
Ordninga med investeringsstøtte blir vidareført. Sjølv om befolkningskriteriet (< 12,5 innbyggjarar pr. km2) er det same som i gjeldande regelverk, må kartet teiknast på nytt. Det er difor ikkje nokon automatikk i at dei kommunane som i dag inngår i det regionalpolitiske verkeområdet får same status under det nye regelverket. Det er ei øvre grense for kor stor del av befolkninga i Noreg som kan dekkast inn av denne ordninga. For at område i Hordaland skal inkluderast, må tilsvarande område i dei fylka som tilfredsstiller befolkningskriteriet, målt i tal innbyggjarar, trekkjast ut.

Figuren viser flytteaktiviteten i 11-kommunarregionen. Gj. snitt 1999-2004.
Som minimumsområde for investeringsstøtte i Hordaland kan det definerast eit område med 11 kommunar som til saman har mindre enn 12,5 innbyggjarar pr km2 og som tilhøyrer bu- og arbeidsmarknadsregionar som er prega av dei same problema knytt til folketalsutvikling og sysselsetting. Alternativt kan ein definere eit område med 14 kommunar som i tillegg til det definerte minimumsområdet også omfattar kommunar i dei bymessige bu- og arbeidsmarknadsregionane som har tilsvarande utfordringar med omsyn til folketalsutvikling og sysselsetting.
Regelverket for regionalstøtte godkjenner også visse former for driftsstøtte. Landsdelar med maks 8 innbyggjarar pr. km2 som har hatt vedvarande nedgang i folketalet er berettiga til driftstøtte. Det same gjeld tilgrensande og tilknytta område som oppfyller dei same befolkningskriteria. Ingen landsdelar i Sør-Noreg oppfyller begge desse kriteria. Det kan likevel tenkjast at avgrensa område i Oppland og Hedmark, Sogn og Fjordane og Hordaland som oppfyllar befolkningskriteria og som utgjer eit samanhengjande område, kan definerast som eit verkemiddelområde for driftsstøtte. I Hordaland vil den definerte 14-kommunarregionen under investeringsstøtte oppfylle desse kriteria. Blant desse kommunane finn vi 12 kommunar som hadde differensiert arbeidsgivaravgift fram til 2004. I tillegg kjem Voss og Vaksdal som har mykje av dei same utfordringane med omsyn til folketalsutvikling. Fedje og Bømlo, som tidlegare hadde differensiert arbeidsgivaravgift, kan ikkje knyttast til ein slik region og oppfyller heller ikkje isolert sett kriteria for driftsstøtte. Fedje kan likevel sjåast i samanheng med område i Sogn og Fjordane og på det grunnlaget definerast inn i ordninga.
På kartet t.v. er det området som reknast å teknisk sett tilfredsstille kriteria til både drifts- og investeringsstøtte markert med mørkt grønt.
Bømlo, Fitjar, Samnanger og Fusa er i dag ein del av det regionalpolitiske verkeområdet, men kan ikkje definerast inn på same grunnlag som dei 14 andre kommunane under det nye regelverket. Øysamfunn som Fedje og Austevoll oppfyller ikkje befolkningskriteriet, men kan kvalifisere for investeringstøtte avdi dei er isolerte øysamfunn med mindre enn 5000 innbyggjarar.