Den nye sykkelruta i Sunnhordland var testa av Syklistenes Landsforening i 2006. - Eit av dei flottaste områda i landet, var kommentarane frå testsyklarane. Ruta er eit resultat av prosjektet "Sykkelturisme i Sunnhordland" som har fått økonomisk støtte fr

Ruta går frå Leirvik til Sunde, via Rosendal, Matre, Skånevik, Utåker og tilbake til Stord. Fem testpersonar frå andre stader i landet har på tre ulike tidspunkt sist sommar tatt sykkelen fatt for å vurdere opplevingsverdien av ruta. Ruta får totalkarakteren fire (fem er den beste) og skårar spesielt høgt på opplevingsverdi. Med bre, fjell og fjord har denne ruta alt, vart det påpeikt. Mangfaldet av attraksjonar langs ruta vart også trekt fram. Men her står ein del att å gjere: skilt og merking manglar og det må arbeidast vidare med informasjonsmateriellet.
Denne sykkelruta - som også er kalla "Fjord- og fjellturen" er eit resultat av prosjektet "Sykkelturisme i Sunnhordland", som vert gjennomført i regi av Samarbeidsrådet for Sunnhordland med prosjektstøtte frå Hordaland fylkeskommune.
Les meir på www.innsida.no
Les heile testrapporten
Samarbeidsrådet arbeider med utvikling av fleire sykkelruter, bl.a. ein "Skjergardstur" Bømlo - Stord - Austevoll. Dei to rutene er presentert i brosjyren "På sykkel i Sunnhordland".
Begge rutene er kopla til den internasjonale sykkelruta the North Sea Cycle Route, som er verdas lengste merka sykkelrute. Dette betyr at eit av prosjektmåla med NSCR - at ruta skulle verte ein stimulans og ein ryggrad for etablering av nye sykkelruter i medlemslanda - er på veg til å bli oppfylt når det gjeld Hordaland.
www.northsea-cycle.com
Hordaland på sykkel
Syklistenes landsforening