North Sea Cycle Route: 6000 km på ein dag

Laurdag 20. mai kan alle vere med og sykle Nordsjøen rundt saman med kjende og ukjende syklistar i 8 land. Denne dagen er ein internasjonal aktivitetsdag for Nordsjøsykkelruta "North Sea Cycle Route" - verdas lengste sykkelrute ifølgje Guinness rekordbok

Foto: Liv SundheimFor 5 år sidan vart verdas lengste sykkelrute opna med ein stafett rundt heile Nordsjøen. I dagane 10. og 11. juni 2001 gjekk denne gjennom Hordaland og skapte ein folkefest heile vegen frå Sveio til Bergen. 

Den 20. mai 2006 vert det ikkje lagt opp til same storslåtte arrangement som i 2001, men så mange som mogleg vert oppmoda til å ta ein sykkeltur på ruta denne dagen. Her i fylket vert det ikkje arrangert felles tur, men dei som vil kan legge turen innom visse punkt på ruta for å registrere seg som deltakar og vert då med i trekninga av fine premiar. Dei første som registrerer seg får også T-skjorte. Les meir om registreringsstader og skilting

Det er også mogleg å registrere seg via nettsida www.northsea-cycle.com, som kjem i fornya versjon i desse dagar. Her ligg også annan nyttig informasjon om ruta.

På opninga i 2001 var fylkeskommunen godt representert. Dåverande fylkesvaraordførar Helen N. Fløisand (på biletet over saman med Stord-ordførar Magne Rommetveit) trødde til på etappen over Trekantsambandet, og ei gruppe tilsette var med på heile eller delar av strekninga. Tilsette i fylkeshuset er spesielt utfordra til å delta også denne gongen. For dei som deltar i "Sykle til jobben"-aksjonen skulle treningsgrunnlaget vere i orden!

Så oppmodinga blir: ta ein sykkeltur på Nordsjøsykkelruta den 20. mai! Turen blir så lang som du sjølv ønskjer. Få med deg familie, vener, treningskameratar eller kolleger og nyt våren frå sykkelsetet!

Meir informasjon om den 20. mai og om sykkelturar i Hordaland sommaren 2006 er å lese i faldaren "The North Sea Cycle Route - Hordaland på sykkel 2006" (pdf).

Nordsjøsykkelruta vart etablert 1998 - 2001 av eit internasjonalt partnarskap i Interreg II C-prosjektet av same namn, leia av Rogaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune etablerte sin del av ruta i eit nasjonalt partnarskap av fylkeskommunar og i samarbeid med kommunar og regionale samarbeidspartar i fylket. Prosjektet har frå 2003 vore vidareført under namnet "North Sea Cycle Route - Cycling on" i tilnyting til EU-programmet Interreg III B-programmet, og vert avslutta i 2006. Prosjektet er finansiert med 50% EU-støtte og 50% eigenandel frå partnarregionane.  

Den vel 6000 km lange ruta går gjennom 68 regionar i 8 land: Norge, Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, England og Skottland. I Hordaland går ruta gjennom kommunane Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Os og Bergen.

Les meir om Hordaland på sykkel

 

Liv Sundheim 11.05.2006 10:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart