Sjøbruksmiljø
Mjøsvågen ligg ca 1 times køyring frå Bergen, og var tidlegare kommunesentrum i gamle Hosanger kommune. Det tette sjøbruksmiljøet har gjeve rom for eit mangfald av verksemder gjennom tidene. Her har vore kisteproduksjon, treskoverkstad og smie og i dag er her både metallvarefabrikk og produksjon av strikkevarer.
Rundt den gamle dampskipskaien er det ca 25 bygningar som er verna som kulturminne. Foreininga "Vener av Mjøsvågen" mottok i 2005 "Arild Haaland sin vernepris" for restaureringsarbeidet som er gjort rundt vågen. Ein portal av brake - Osterøy sin kommuneplante - helsar velkomen til Hosanger (biletet over). Kunstnaren Else Karin Bysheim, som driv Galleri Mjøsvågen, er mester for denne. Den gamle treskoverkstaden (under) er nyrestaurert, med intakt produksjonsutstyr og tresko frå golv til tak.
Tresko og kunst
No ønskjer dei driftige Mjøsvågvenene å skape enda meir liv i husa rundt vågen. Konkrete mål er å få fleire gjester til bygda, med hovudvekt på dagsturistar som kjem med bil eller båt. Fleire møteplassar for dei fastbuande er også høgt prioritert.
Her vil dei skape eit kreativt miljø som kan tiltrekkja seg kunstnarar og kunsthandverkarar. Dei er på god veg: både galleri og keramikkverkstad er etablert. Og på vegen mot Kossdalen er det laga "Land Art"-løype (biletet under). Sjølve Kossdalsvegen er eit freda kulturminne og ein flott turveg.
Kafe og tursti
Marknadsføring, kafe, toalett og utgreiing av tursti og kva som kan etablerast på den gamle meieritomta på kaien er blant dei tiltaka det er søkt om midlar til. Mykje står enno att å gjere, og dei 30.000 kr. som er løyvd til forprosjektet kjem nok godt med.
Ein enkel kafe er under innreiing i ei av sjøbuene (biletet til høgre). Her vart arbeidslaget traktert med kaffe og ausekaker, ein lokal svelevariant.
Så kvifor ikkje ta turen til Osterøy i sommar? For bergensaren ein ideell dagstur - og for turisten eit alternativ der dei kan møte eit levande lokalsamfunn. Alle treng ikkje dra i flokk og følgje til "the Fjords"! Til Osterøy kjem ein anten ved å køyre Osterøybrua, eller med ferje Breistein-Valestrandsfossen. Så til Lonevåg, vidare i retning Fotlandsvåg til Hosanger.
Les meir om Mjøsvågen i Grøn Miks frå Fylkesmannen i Hordaland
Les om Land Art og Galleri Mjøsvågen i Bergens Tidende