I NSCR`s første prosjektfase 1997 - 2001 var målet å få etablert ei samanhengande sykkelrute

rundt Nordsjøen. Dette målet vart nådd, og ruta er tildelt status i Guinness' rekordbok som verdas lengste samanhengande skilta sykkelrute. I Hordaland går ruta gjennom Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Os og ender opp i Bergen der ein kan fortsetje med båt over til Shetland. Ruta vart opna med sykkelstafett og stor festivitas våren 2001.
Biletet: ordførarstafett på ferjekaien i Langevåg, Bømlo under opninga av NSCR i juni 2001.I prosjektfase to - North Sea Cycle Route - Cycling On - var målet å sikre ruta si framtid etter at prosjektperioden var over. Det vil seie å få på plass eit system for framtidig fysisk vedlikehald, skilting, informasjon og marknadsføring. Her kom ein dessverre ikkje heilt i mål. Vona var at Nordsjøkommisjonen (NSC) skulle overta "eigarskapet" for ruta, men hausten 2006 kom det til slutt nei derfrå. Eit anna alternativ var den europeiske syklistfederasjonen (ECF), men her har det stranda på manglande økonomiske ressursar.
Løysinga inntil vidare er at nettverket mellom dei 8 deltakarlanda held fram, med 1 - 2 representantar frå kvart land. Dette er eit friviljug nettverk der partnarane må dekkje eigne utgifter. Rogaland fylkeskommune har påtatt seg ansvar dei neste 3 åra for nettsida og for å organisere første nettverksmøte som vert halde i samband med Velo-city-konferansen i München i 2007.
Heller ikkje her til lands har det vist seg enkelt å få på plass eit system for fysisk vedlikehald og vidareutvikling av Nordsjøsykkelruta, som også er ein del av nasjonal sykkelrute nr. 1. Statens Vegvesen har ei nøkkelrolle, men her viser det seg at omorganiseringa innan vegvesenet, med utsetting av utførande tenester, kan vere ei hindring for langsiktige avtalar. For ruta si framtid og ei eventuell vidareføring av rute 1 vil det vere avgjerande kva ein kan få til gjennom lokalt og regionalt samarbeid og partnarskap.
Biletet: Nordsjøsykkelruta - nasjonal sykkelrute nr. 1 - gjennom Bergen sentrum.
Hordaland på sykkel