
Sykling på Nordsjøsykkelruta: ei reise du aldri vil gløyme.
Konferansen som hadde Newcastle City Council som vertskap samla 85 deltakarar frå alle partnerlanda samt representanter frå kommunar og organisasjonar. Norge var representert med deltakarar frå Rogaland og Hordaland fylkeskommune, Statens Vegvesen region sør og Stiftelsen Sykkelturisme i Norge. Rogaland fylkeskommune med utviklingsdirektør Per Frøyland Pallesen i spissen har vore leiar for det internasjonale partnarskapet av regionar (68 i talet) heilt sidan North Sea Cycle Route-prosjektet starta.
På biletet: Diane Packham og Per Frøyland Pallesen
Ordførar Diane Packham opna konferansen og understreka at prosjektet ikkje ville vore gjennomført utan innsatsen frå den norske prosjektleiinga.
Stephen Hughes, medlem av Europaparlamentet, kom også med rosande ord og meinte NSCR var eit glimrande døme på samarbeid i eit internasjonalt partnarskap.
Biletet: prosjektleiar Eli Viten i Rogaland fylkeskommune saman med Henrik Duus frå Statens Vegvesen region Sør.
Sykling: riktig for regional utvikling
John Holmes frå det regionale utviklingsselskapet One North East fortalte om auka satsing på reiseliv som nøkkelelement i utvikling av regional økonomi i perioden 2006-2016. Grøn turisme, med utvikling av tilbod for sykling og vandring er høgt prioritert.
www.onenortheast.co.uk
Sykling er riktig for regional utvikling, meinte Per Frøyland Pallesen og underbygde dette slik:
- sykkelen forureinar ikkje
- når ferien er over er syklisten vorte sprekare
- sykkelinfrastruktur er lavkostnadsinfrastruktur
- syklistar brukar meir pengar i ferien enn gjennomsnittet
- inntekt både for by og bygd
- sykling er berekraftig utvikling
Konklusjonen må altså bli høg skåre når det gjeld miljø, helse, økonomi, inntening og utjamning!
Les meir om konferansen på www.northsea-cycle.com
Les siste Newsletter
Sjå fleire bilete frå konferansen
Program for konferansen
Vegen vidare