7,1 millionar til Stord, Fitjar og Sveio

Samspelforum for Næringsutvikling AS (SNU AS) har vore utførande organ for omstillingsarbeidet i Stord, Fitjar og Sveio sidan juni 2000. For 2006 har Hordaland fylkeskommune gitt kroner 7,1 mill. til omstillingsarbeidet i regionen. SNU AS har i 2005 h

Omstillingsprogrammet for Stord/Fitjar/Sveio
Strategi og handlingsplan for 2006 utarbeida av SNU AS er det strategiske grunnlaget for omstillingsarbeidet. Planen er delt opp i eit hovudmål og i åtte utviklingsområder med eigne mål og aktivitetar for 2006. Hovudmålet for omstillingsprosjektet er å styrkje næringsgrunnlaget i dei tre kommunane. Dette skal skje gjennom auka verdiskaping og etablering av lønsame arbeidsplassar, slik at området får ein meir robust og breiare næringsstruktur. Det er ein ambisjon å skapa ca. 940 arbeidsplassar totalt i omstillingsperioden 2000 – 2006. For 2006 vil det utgjere ca 500 arbeidsplassar. Ein set verdiskaping i høgsete og vil auke sal av produkt og tenester ut av regionen.   

Følgjande utviklingsområder er valt ut i 2006:

  1. Forretningsutvikling eksisterande næringsliv
  2. Havbruk
  3. IKT
  4. Nyskaping
  5. Energi
  6. Kompetanse
  7. Ungdom
  8. Andre områder

Omstillingsprogrammet for dei tre kommunane går i 2006 inn i sitt siste år. Under utviklingsområde nr 8 har ein  lagt vekt på at prosjektet må avsluttast på ein god måte. Ein vil fokusere på stor aktivitet og ynskjer ikkje å bremse opp utviklingsarbeidet i perioden. Det er tenkt at arbeidet skal utførast fram til juni 2007. Mål og aktivitetear i 2007 vil bli brukarundersøking, resultatvurdering og sluttrapportering etter omstillingsarbeidet.      

Resultat 2005
Resultatvurderinga er gjort på grunnlag av attendemeldingar frå 38 respondentar som har gjennomført prosjekt i samarbeid med SNU AS. Den viser at 55 % av respondentane svarer at marknadsområdet er utvida i stor grad, medan 15 % svarar at marknadsområdet er utvida i svært stor grad. Med omsyn til utvikling av nye produkt, svarar 55 % av utvalet at prosjektet har medverka til å utvikle nye produkt i stor grad, medan 18 % meiner at prosjektet har medverka til nye produkt i sværtstor grad.   Med bakgrunn i dei ulike vurderingane er det grunn til å hevde at omstillingsprogrammet har styrka utviklingsevna i det lokale næringslivet.

SNU AS har i tillegg eit godt omdøme i lokalsamfunnet og i lokalt næringsliv.       

Kritiske suksessfaktorar
Eit vellykka omstillingsarbeid for Stord/Fitjar/Sveio i 2006 er særleg avhengig av :  

  • Avklaring av roller og ansvar for næringsutvikling mellom SNU AS, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, industriinkubatoren VIS og Industrinettverket.
  • Samspel og samarbeid kring utarbeidninga av plan for vidareføring av næringsarbeidet etter omstillingsperioden.
  • Erfaringsutveksling  og dialog med andre omstillingsområder.
  • Samarbeid med Høgskulen Stord/Haugesund og andre kunnskapsaktørar for utvikling av tiltak for kompetanseheving i regionen.
  • Eit tett samarbeid mellom VIS og SNU AS for å dra nytte av Aker Stord sitt engasjement i lokalsamfunnet og i lokal næringsutvikling.

Vurdering og tilråding
SNU AS gjennomfører fleire årleg evelueringar og vurderingar som rettesnor for deria omstillingsarbeid. Desse evelueringane gjev ei god attendemelding på det arbeidet som er gjort og planlagt framover. Omstillingsprogrammet brukar PLP-metoden og har gjennom dette gjort metoden kjend i lokalt næringsliv og i kommunane.  

I Regionalt utviklingsprogram for Hordaland er det sett av kr 7 100 000,- til omstillingsarbeid i Stord/Fitjar/Sveio for arbeidsåret 2006.

Følgjande finansieringsplan ligg til grunn for tilsegnet:  

Stord kommunekr2 000 000
Sveio kommunekr500 000
Fitjar kommunekr450 000
Hordaland Fylkeskommune, Regionalt utviklingsprogram 2005 kr7 100 000
SUMkr10 050 000
Hilde Indresøvde 19.01.2006 10:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart