Vassressursar i kommunal planlegging er tema for årets kommuneplankonferanse som finn stad på Bergen Kongress Senter 27. og 28. oktober. Vatnet er både ein ressurs og ein risikofaktor. Korleis kan vi gjennom planlegging leggja til rette for ei berekraftig vassforvaltning?
Programmet femner vidt og tar for seg havbruk, vasskraft, kulturminne og naturverdiar mm.
Vatn er grunnlag for alt liv. Hordaland har rikeleg med både nedbør, vassdrag og kystfarvatn. I eit globalt perspektiv er vi heldige, sjølv om vatnet både kan vere ein ressurs og ein risikofaktor. Korleis kan vi gjennom kommuneplanlegging leggja til rette for ei berekraftig vassforvaltning som balanserer ulike interesser i vassressursane?
Første del av konferansen er skreddarsydd for politisk deltaking, andre dag er meir retta mot fagpersonar, men alle er velkomne begge dagar.
Kommuneplankonferansen er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland.
Frist for påmelding: 15. oktober
Påmeldingsskjema og meir informasjon hos Fylkesmannen.
Program for konferansen (pdf)