Tips til bruk av statistikk.ivest.no

Bokmerke/ lenkje til tabellutsnitt: Ved å klikke på ikonet "Lag bokmerke" kan du få fram ei eintydig nettadresse for det aktuelle tabellutsnittet. I Windows Explorer/ Internet explorer blir nettadressa lagt inn i "Mine favoritter", og kan gjenfinnast derifrå. I Mozilla/ Firefox visast nettadressa i adressefeltet og kan så leggast inn som bokmerke i nettlesaren og/ eller kopierast direkte for innliming i epost eller som lenkje på ei nettside. Bokmerke fungerer ikkje fullt ut i Opera.

På nokre PC-ar, m.a. i Hordaland fylkeskommune sitt adm. nettverk, er det nødvendig å endre brannmur- innstillingar:

Privacy Control i Symantec Client Firewall - må slås av på den lokale maskinen. Gå til Start --> programmer --> Symantec Clent Security velg symantec Client Firewall --> velg Privacy Control og velg så Turn Off knappen. Start nettlesar på nytt.

Kalkulere: I mange tilfelle er ein praktisk måte å jobbe med dataene i ein omfattande database å bruke funksjonen "Kalkulere", som ligg nederst i nedtrekksmenyen for kvar variabel ("Set inn kalkulering").  Vel type kalkulering, og vel så dei dataene som skal nyttast i kalkuleringa. (I rubrikken "konstant" skal det normalt ikkje stå noko). Ved behov for å endre ei kalkulering, vel fanen "endre" som kjem fra øverst i kalkuleringsboksen.  

Sortere data: Dataene i ei kolonne eller rad kan sorterast i stigande eller nedgåande (sigande) rekkefølgje. Dette gjeld både faste data og kalkuleringar. Klikk i det blå kolonnefeltet i øverste del av tabellen, evt i det gule rad- feltet på venstre side av tabellen. Det kjem då fram to små pilar og teksten "Sorter". Klikk ein gong til, og velg kva type sortering du vil ha.  

Data manglar: I nokre tabellar manglar det data, enten fordi data ikkje er mogleg å hente inn, eller fordi det ville vore ulogisk med data. Manglande data visast med ein strek : -.

I tabellar der data manglar går det ikkje an å gjere kalkuleringar som omfattar rader eller kolonner med manglande data.

Kortare lenkjer/ adresser: Direkte lenkjer til tabellutsnitt blir ofte svært lange, og kan med fordel kortast ned ved å bruke gratistenesta Tinyurl.

Brukarvegleiinga

For tips, feilmeldingar og spørsmål, kontakt oss på aud@post.hfk.no.

Meir om statistikk.ivest.no

Til statistikken

16.04.2007 11:46
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart