Fylkeskommunen si interaktive statistikkteneste skal gjere det enkelt å finne fram til og å analysere data om Hordaland. Her kan du finne aktuelle og detaljerte tal, enten du er på jakt etter informasjon om innbyggjartalet i Knøsesmauet, talet på sveitsis
Løysinga er særleg eigna for publisering av store datamengder og gjer det enkelt å sortere ut data, legge til kalkuleringar (summeringar/ formlar), lage grafikk der tala passar til dette, og ta resultatet ut som rekneark, tekst, pdf-fil, skrive ut direkte og lage bokmerke til bruk i epost og som lenkje på nettsider.
statistikk.ivest.no drivast til dagleg av Analyse, utgreiing og dokumentasjon. For meir informasjon, tilbakemeldingar, feilmeldingar m.v., kontakt oss gjerne: aud@post.hfk.no.
Den tekniske løysinga bak "statistikk.ivest.no" er publiseringssystemet Nesstar, som er levert av Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste (NSD).
Utsnittet av menyen t.h. viser dei noverande emneinndelingane på statistikk.ivest.no. Innhaldet utviklast kontinuerleg.
Tabellutsnittet nedanfor viser eit utsnitt av ein av reiselivsstatistikktabellane (hotellovernattingar), der det er lagt inn ei kalkulert kolonne som viser veksten siste 5 år.

Nokre tips
Til statistikk.ivest.no
- - - - -
Brukarrettleiing