Hordaland fylkeskommune har utarbeidd ei evaluering av drosjeverksemda i Bergensområdet der informasjon og statistikk frå ulike kjelder er nytta for gjere ei heilskapeleg vurdering av kapasitetssituasjonen.
Målsetjinga med evalueringa er å:
• Gjere ei heilskapeleg vurdering av kapasitetssituasjonen i drosjenæringa i Bergensområdet.
• Etablere eit grunnlag for å innføre rutinar som gjer det mogleg å regelmessig utarbeide statusrapportar som kan nyttast til å gi pålitelege anslag for utviklinga i behovet for drosjeløyve.
Overskrifter i rapporten:
- Kva avheng behovet for drosjetenester av ?
- Reguleringa av drosjenæringa
- Vurdering av løyvetal basert på generelle statistiske mål
- Vurdering av tal drosjeløyve basert på den faktiske situasjonen i Bergensregionen
- Fordeling av drosjeløyve mellom sentralane i Bergensregionen
- Framtidig arbeid med overvaking av løyvesistuasjonen i drosjenæringa
- Samandrag, konklusjonar og tilrådingar
Drosjer og drosjeløyve i Bergensområdet - evaluering (pdf).
Politisk behandling: Melding til Fylkesutvalet 13.02.08.
Sak om Reglement for drosjeverksemda i Bergen køyreområde var til handsaming i Samferdselsutvalet 16. april. Utvalet vedtok å utsetje saka til neste møte.
Evalueringa er utført av Analyse, utgreiing og dokumentasjon i Hordaland fylkeskommune, på oppdrag frå Samferdselsavdelinga.