Av reiselivsstatistikken på hordaland.no/statistikk framgår det m.a. at medan spanske turistar for det meste vitjar Hordaland om sommaren, kjem japanarane heile året.
Medan 85 % av dei spanske hotellgjestane som vitja Hordaland i 2005 kom i sommarmånadane juni, juli og august, la berre 65 % av japanarane hordalandsturen til same periode. Det same mønsteret finn vi i Bergen. 91 % av spanjolane som vitja Voss gjorde det om sommaren, men berre 45 % av japanarane. Flesteparten av både spanjolar og japanarar, 75 og 78 prosent av totalen for året, vitja hotella i Hardanger om sommaren.
Utsnitt av tabell på hordaland.no/statistikk. Ved hjelp av nedtrekksmenyane kan du få fram mange fleire data enn det som er synleg i åpningsbildet, t.d tal for andre nasjonalitetar.
Tabellane på statistikknettstaden hordaland.no/statistikk er interaktive og kan lett skrivast ut eller kopierast over i andre program. Du kan hente ut data for heile fylket, ein region eller på kommunenivå.