Dei vestlandske fjordane utmerkar seg som eitt av dei store reisemåla innanfor den nye og vonleg meir berekraftige forma for turisme. National Geographic gir dessutan tips om geoturisme i Norge og Hordaland.

I National Geographic sitt Destination Scorecard frå 2004 vert dei store reisemåla i verda rangert etter geoturisme- kriteriar.
Dei vestlandske fjordane toppar lista, grunna det som vert beskrive som ein kombinasjon av flaks og god styring. Flaksen har med geografien og klimaet å gjere.
På nettstaden National Geographic Traveler vert det gjeve tips om geoturisme- reisemål i Norge. Heile tre reisemål i Hordaland finn dei amerikanske ekspertane grunn til å anbefale: Utne hotell, Gamlastovo i Fyksesund og Bryggestuen/ Bryggeloftet i Bergen.
Andre europeiske reisemål som får god skåre er Heidelberg i Tyskland, Salzburg i Østerrike, dei sveitsiske alpane og Toscana. På botnen av lista finn vi m.a. den franske rivieraen og Costa del Sol i Spania, der etter NGS si meining "bulldozers often come before brains".
NGS Destination Scorecard (pdf)