Den totale trafikken gjekk litt ned.
Dei største mellomhamnene er Trondheim, Bodø, Svolvær og Tromsø med 59000-86000 passasjerar til/ frå.
55,4 % av turane med Hurtigruta til eller frå Bergen gjekk ut frå Bergen. Desse auka frå året før, medan talet på ilandstigningar i Bergen var nær uendra.
48,1 % av den samla trafikken til/frå Bergen kom i 2007 i dei tre sommarmånadene, om lag det same som året før. 
Ilandstigningane i Bergen er med 51,6 % av totalen litt meir konsentrert til sommarmånadene, medan det frå Bergen er ei viss overvekt av utreiser den resterande delen av året.
Figuren t.h. viser korleis det totale talet på turar reist med Hurtigruta fordeler seg over året.
Ei reise Bergen – Kirkenes – Bergen reknast som to turar.
Trafikken med Hurtigruta til/ frå Bergen har ein markert høgsesong frå mai til september, med ein absolutt topp i juli. I vintermånadene ligg trafikken på ned mot ein tiandedel av nivået i juli, med ein markert oppgang i desember. Det er ingen vesentlege forskjellar i sesongvariasjonane mellom dei to åra vi har statistikk for.
Tabell på hordaland.no/statistikk: Totalt tal turar med Hurtigruta, iland- og ombordstigning samla for kvar hamn, 2006 og 2007.
Tabell på hordaland.no/statistikk: Turar med Hurtigruta fordelt på iland- og ombordstigning (”Til” og ”Frå”).
Kjelde: http://www.ssb.no/emner/10/12/60/havn/