I starten i 1973 var ideen med verdsarvlista å oppmuntre til vern av dei viktigaste naturlege og kulturelle stadene i verda. Hovudkriteriet skulle vere at staden er verna og av “framragande universell verdi”. Turisme var ikkje med i vurderinga.
830 stader står no på verdsarvlista. For å sjå korleis det går med nokre av desse har National Geographic Traveler og National Geographic Center for Sustainable Destinations gjort si tredje kartlegging. Eit panel på 419 ekspertar innan bærekraftig turisme og destinasjonsvurdering har vurdert 94 "World Heritage" destinasjonar.
Figuren t.h. viser avgrensinga av verdskulturminnet Bryggen. Grafikk: Forvaltningsplan for verdskulturminnet Bryggen.
"West fjords" (Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Ålesund) toppar lista og vurderast dermed som det best forvalta verdsarvområdet. Ifølge panelet "er fjordane eit "sensational scenery" og er tatt godt vare på. Menneska i området er svært hjelpsame og der er mange gode utandørsaktivitetar, gode hotell og restaurantar, men dei stengjer altfor tidleg. I mai/juni har ein inga føling av masseturisme, turistane kan reise med ferjene som einkvar nordmann på veg til eller frå arbeid.
Kystlinja er unik, dramatisk og imponerande. Å kome med båt inn desse fjordane er ei oppleving. Fjella stuper mange stader rett i sjøen, det er endelause fossar og snø på fjelltoppane - og eit djupt grønt vatn.
Men kan dette fortsette? Eller vil området bli utsett for press frå camping- og cruiseturisme, noko det allereie finst teikn på ? Der er eit nasjonalt ynskje om å ta vare på denne perla, dei rette tinga blir gjort og det er liten tvil om at det vil lukkast."
Bryggen i Bergen er den andre norske verdsarvstaden som er vurdert, og er også høgt rangert. M.a. dette seier National Geographic: "Gamle, nydelege Hanseatiske bygningar som er i god stand sjølv om det trengs ein del strukturelt vedlikehald. Veldig mange turistar besøkjer Bryggen kvart år, dette slit på bygningsmassane og der er tendensar til over- kommersialisering".
Fleire andre stader i Europa er også høgt rangert, til dømes Krakow i Polen. Etter National Geographic si vurdering er dette "ein hyggeleg by, full av historie og kultur, gamal og ny". Vézelay, ein by i Burgund i Frankrike med ei berømt kyrkje, kjem også høgt opp.
I andre verdsdelar er Te Wahipounamu – på vestkysten av New Zealand - høgt rangert, med "imponerande regnskogar og fjell". Til slutt tar me med Guanajuato i Mexico, som ifølgje panelet er "ein sjarmerande, roleg og innbydande by som fortener statusen som eit levande monument".
National Geographic har også rangert nokre stader svært lågt. Eit døme er Portobelo-San Lorenzo i Panama som "er fantastisk og ruinane er ekstraordinære, men det flyt med søppel. Portobelo har store problem som ein stor moderne by bygd på toppen av mange ruinar".
Om Galápagosøyane i Ecuador "er superlativa mange, både gode og dårlege. Byane på øyane veks fort og har enormt mange turistar. Frå turisten sin ståstad kan øyane verke velfungerande, men den politiske organisasjonen er rotete. Det er nødvendig å følgje nøye med på auken i turismen og ein må ikkje gje opp dialogen med fiskare og andre frå lokalbefolkninga. Øyane verkar som om dei er ved eit vegskille".
Om Kathmandudalen i Nepal heiter det m.a.: "Diverre blir det estetiske biletet av gamle tempel o.l. øydelagt av nye bygningar som omgjev dei, og den forureina lufta øydelegg utsikta til fjella som omkransar byen".
I tillegg til Krakow og Vézelay har Europa mange stader i m.a. Spania, Portugal, Østerrike, Frankrike, Belgia, Sveits, Tyskland, Hellas og Italia som også ligg høgt oppe på lista.
National Geographic: World heritage destinations rated
National Geographic: Bryggen og "West fjords"
Sjå også:
Forvaltningsplan for verdskulturminnet Bryggen
Geoturisme: Fokus på tradisjonar, kultur og miljø
http://www.verdensarv.com/