250 000 fleire turistovernattingar

I 2006 var det 948424 overnattingar til ferie- og fritidsføremål på hotella i Hordaland, mot 693294 i 1990. Dette utgjer ein auke på 36,8 % for heile perioden, eller 2,3 % i gjennomsnitt per år.

Fleire fylke har hatt ein prosentvis større vekst, men Hordaland sitt resultat er likevel godt teke i betraktning at fylket er mellom dei med størst overnattingsvolum i utgangspunktet. I 1990 var Hordaland det nest største fylket for denne typen overnattingar, berre "slått" av fjellfylket Oppland.

I 2006 har også Oslo fleire hotellovernattingar til ferie- og fritidsføremål enn Hordaland, etter sterk vekst i heile perioden. Hovudstaden sin særlege posisjon som transittstad for turistar som skal vidare til andre deler av landet gjer likevel at statistikken for Oslo ikkje er heilt samanliknbar med dei andre fylka.

I absolutte tal er det Oslo som har hatt den største auken i talet på ferie- og fritidsovernattingar på hotell, følgt av Hordaland. Målt i prosent har auken vore størst i Rogaland, Akershus, Oslo og Troms. Tre fylke har hatt nedgang i turisttrafikken i perioden.

Fleire tal på www.hordaland.no/statistikk:

Tabell: Utvikling i talet på overnattingar til ferie/ fritidsføremål 1990-2006, fylke.

Grafikk: Utviklinga i Hordaland 1990-2006.

 

Sjå også:

http://www.ssb.no/reiseliv/

http://www.statistikknett.com/hordaland/

02.04.2007 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart