I dei fire Fjord Norge-fylka vart det i åra 2005 - 08 til saman brukt 26,9 mill. kr frå kompensasjonsmidlane til marknadsføring i åtte satsingsmarknader over heile verda. Denne rapporten tek for seg resultata av denne satsinga.
National Geographic Society har, gjennom reiselivstidsskriftet og nettstaden Traveler, i fleire år vore opptekne av berekraftig turisme - "geoturisme". Fleire norske destinasjonar har fått gode plasseringar i deira rangeringar av reisemål etter geoturis
"9 th International forum on tourism statistics" fann stad i november 2008 i Paris. Spørjeundersøkingar er framleis den viktigaste kjelda til statistikk om reiseliv og turisme, men mobiltelefoni, turistbilete på internett, bompengar og reisebyråa sine bo
Med utgangspunkt i Statistisk sentralbyrå sin satellittrekneskap for turisme har vi sett på kva tala seier om produksjon og ringverknader i reiselivnæringane i Hordaland, og gjort anslag på tal for reiselivsregionane i fylket.
155232 passasjerar reiste til/ frå Bergen med Hurtigruta i 2007, ein auke på 1,4 % frå året før. Også den andre endehamna, Kirkenes, hadde ein auke i trafikken, medan dei fleste hamnene imellom hadde nedgang.
I 2006 var det 948424 overnattingar til ferie- og fritidsføremål på hotella i Hordaland, mot 693294 i 1990. Dette utgjer ein auke på 36,8 % for heile perioden, eller 2,3 % i gjennomsnitt per år.
Av reiselivsstatistikken på hordaland.no/statistikk framgår det m.a. at medan spanske turistar for det meste vitjar Hordaland om sommaren, kjem japanarane heile året.
National Geographic rangerer dei vestlandske fjordane på førsteplass og Bryggen på 22. plass i ei vurdering av 94 stader som står på UNESCO si verdsarvliste.
Lista over dei mest besøkte turistattraksjonane i Hordaland inneheld heile fem fossar, med Vøringsfossen som den fremste. Også Fløibanen og Akvariet i Bergen har mange besøkande - og Flåmsbana.
Dei vestlandske fjordane utmerkar seg som eitt av dei store reisemåla innanfor den nye og vonleg meir berekraftige forma for turisme. National Geographic gir dessutan tips om geoturisme i Norge og Hordaland.
Hordaland kan seiast å vere det tredje største reiselivsfylket målt etter bruttoprodukt i reiselivsnæringane og etter sysselsetting.
På Statistikknett reiseliv kan ein finne oppdatert reiselivsrelatert statistikk for Hordaland, dei andre vestlandsfylka og fleire andre fylke.
Færre overnattingar, men oppgang i cruise.